Corner Cliffs
Corner Cliffs er ei gruppe klipper nedanfor to fjell med flate toppar like sør for Saturnbreen og 3,5 km nordaust for Coal Nunatak søraust på Aleksanderøya i Antarktis. Klippene var ikkje mogeleg å sjå frå isbakkane i vest, men dei to fjellryggane som utgjer nordvestskuldra av klippene vart oppdaga og fotografert frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935 og kartlagt frå desse bileta av W.L.G. Joerg. Klippene vart først kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey, som gav dette namnet til enden der dei eksponerte klippene aust på Aleksanderøya svingar frå nord til sørvest.[1]
Corner Cliffs | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 72°4′S 68°25′W / 72.067°S 68.417°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Corner Cliffs 72°04′00″S 68°25′00″W / 72.0667°S 68.4167°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Corner Cliffs». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Corner Cliffs» (innhald frå Geographic Names Information System).