Cornet de Murat
Cornet de Murat (fransk uttale [kɔʁˌnɛdɘmyˈʁa], av corne-, 'horn' og diminutivt suffiks -et; cornet betyr 'lite horn' ) er eit smått bakverk i hornform frå Murat,[1] ein kommune i Auvergne (den sentrale delen av Frankrike). Cornet de Murat er ei småkake som er vorte rulla i form av eit storfehorn, og er fylt med krem og litt ostemasse piska til krem.
Denne kaka er laga av egg, mjøl, sukker og salt, og vert rulla for hand når ho kjem ut av omnen.[2] For å få den spesielle kjegleforma legg ein kaka på eit perforert bord. Forma er meint å likna horna til raude kyr frå Auvergne, ein rase kalla «salers».
Cornet de Murat kan serverast med forskjellige søte eller salte fyllingar, som kremfløyte, iskrem eller foie gras-mousse.
Cornetfestivalen[3] som byrja i 2004 blir arrangert kvart år i september.[4]Arrangementet tiltrekkjer seg mellom 10.000 og 15.000 besøkande årlig.[5]
Kjelder
endre- ↑ Isabelle Barnérias (6. januar 2017). «Biscuits d'ici : En dix ans, Murat (Cantal) est devenue la capitale du cornet » (på fransk). [På ti år har Murat vorte hovudstaden til 'cornet']
- ↑ «Sept conseils de chef pour réussir ses cornets de Murat salés» (på fransk). La Montagne. 10. september 2019. [Kokk med 7 råd på salte Cornet de Murat]
- ↑ «Cornetfestivalen» (på fransk). Murat kommune. Henta 20. september 2022.
- ↑ «Après une année blanche en 2020, la fête du cornet de Murat (Cantal) revient cette année, dimanche 19 septembre» [Etter eit tomt 2020 kjem Cornettfestivalen attende i september.]. La Montagne (på fransk). 15. september 2021.
- ↑ Thierry Bousseau. «Une fête de la gourmandise» (på fransk). Auvergne Destination. Henta 21. september 2022. [Eit festmåltid av delikatesser]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cornet de Murat) » frå Wikipedia på fransk, den 19. september 2022.