Auvergne (oksitansk Auvèrnhe/Auvèrnha) var ein region i Frankrike. Han vart oppretta 1. januar 2016 som ei samanslutning av regionane Auvergne og Rhône-Alpes,[1] og vart del av den nye regionen Auvergne-Rhône-Alpes frå 1. januar 2016.[2]

Auvergne
region
Symbol
Land  Frankrike
Del av history of Auvergne
Hovudstad Clermont-Ferrand
Areal 26 013 km²
Folketal 1 334 000  (2006)
Folketettleik 51 / km²
Kart
Auvergne
45°20′00″N 3°00′00″E / 45.333333333333°N 3°E / 45.333333333333; 3
Wikimedia Commons: Auvergne

Den noverande administrative regionen Auvergne var større enn den historiske provinsen Auvergne. Regionen Auvergne bestod av følgjande gamle provinsar:

  • Auvergne: Departementa Puy-de-Dôme, Cantal, nordvestlege delar av Haute-Loire, og dei sørlegaste delane av Allier. Provinsen Auvergne var heilt omslutta av regionen Auvergne.
  • Bourbonnais: Departementet Allier. Ein liten del av Bourbonnais låg òg i regionen Centre.
  • Velay: sentrale og søruastlege delar av departementet Haute-Loire. Velay var heilt omslutta av regionen Auvergne.
  • Ein liten del av Gévaudan: dei sørvestlegaste delane av Haute-Loire. Gévaudan låg i praksis i regionen Languedoc-Roussillon.
  • Ein liten del av Vivarais: dei søraustlegaste delane av Haute-Loire. Vivarais låg stort sett i regionen Rhône-Alpes.
  • Ein litne del av Forez: dei nordaustlegaste delane av Haute-Loire. Forez låg stort sett i regionen Rhône-Alpes.

Velay, Gévaudan og Vivarais vert ofte rekna som underprovinsar av den gamle provinsen Languedoc. Forez vert òg rekna som ein underprovins av provinsen Lyonnais. Derfor bestod den moderne regionen Auvergne av provinsane Auvergne, Bourbonnais, og delar av Languedoc og Lyonnais.

Byar endre

Kjelder endre