Corno dei Tre Signori

Corno dei Tre Signori er ein 3 360 meter over havet høg fjelltopp i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Lombardia.

Corno dei Tre Signori
fjell
Corno dei Tre Signori 01a.jpg
Corno dei Tre Signori
Land Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 360 moh.
Førstestiging 1876
Koordinatar 46°20′39″N 10°30′54″EKoordinatar: 46°20′39″N 10°30′54″E

Corno dei Tre Signori
46°20′39″ N 10°30′54″ E
Wikimedia Commons: Corno dei Tre Signori

Fjellet ligg aust for Gaviapasset og var fram til 1860-åra eit strategisk viktig punkt. Namnet Corno dei Tre Signori, norsk Hornet til dei tre herrane, fekk fjelltoppen i det 19. hundreåret då grensa mellom republikkane Venezia og Graubünden, samt erkebispedømmet Trient møttest her.

Corno dei Tre Signori har ei symmetrisk form, med markante eggar i alle fire himmelretningane. Frå Gaviapasset er fjelltoppen eit enkelt og greitt turmål.

Fjelltoppen vart kliven fyrste gongen den 11. august 1876 av P. Damiani, G. Duina og F. Gamba over skardet Bocchetta Corno dei Tre Signori og vidare opp langs søregga.

KjelderEndra