Correggio i Italia

kommune i Italia
(Omdirigert frå Correggio i Emilia-Romagna)

Correggio er ein liten bykommune i den italienske provinsen Reggio Emilia i regionen Emilia-Romagna.

Correggio
by
Chiesa san Quirino i Correggio

Foto: Paolo da Reggio

Land  Italia
Region Emilia-Romagna
Provins Reggio Emilia
Areal 77,51 km²
Folketal 25 074  (1. januar 2023)
Postnummer 42015
Retningsnummer 0522
Kart
Correggio
44°46′18″N 10°46′50″E / 44.771666666667°N 10.780555555556°E / 44.771666666667; 10.780555555556
Wikimedia Commons: Correggio (Italy)

Byen ligg i Podalen og er med om lag 25 000 innbyggjarar den nest største i provinsen, etter hovudstaden Reggio Emilia som ligg 18 kilometer i sørleg retning. Byområdet er 77 km² og innbyggjartettleiken om lag 267 personar/km².[1]

Staden var busett allereie i romartida, seinare blei området folkesett av langobardane. På 1400- og 1500-talet blømde byen som hovudstad i ein liten signoria. Nokre kjende renessanseforfattarar var verksame i byen på den tida, til dømes Ludovico Ariosto og Torquato Tasso.

Renessansemålaren Antonio Allegri, betre kjend som il Correggio, og komponist og organist innan den venetianske skulen, Claudio Merulo, var begge fødde i byen.

Referansar

endre
  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet stat

Bakgrunnsstoff

endre