Koordinatar: 44°30′38″N 10°57′25″E

Emilia-Romagna er ein av tjue regionar i Italia og har Bologna som hovudstad. Regionen har eit areal på 20 124 km² og om lag 4,2 millionar innbyggjarar. Det er den nest rikaste regionen i Italia og mattradisjonane her frå er godt kjend.

Emilia-Romagna
region
Land  Italia
Provins 9
Kommune 341
Hovudstad Bologna
Areal 22 124 km²
Folketal 4 459 477 (2019)
Kart
Emilia-Romagna
44°45′ N 11°0′ E
Wikimedia Commons: Emilia-Romagna

Geografi endre

Emilia-Romagna ligg nord i Italia og består av dei to historiske regionane Emilia og Romagna. Regionen ligg mellom Adriahavet i aust, elva Po i nord og Appenninane i sør.

Av andre regionar grensar Emilia-Romagna til Lombardia og Veneto i nord. og i sør til Toscana og Marche, samt republikken San Marino.

 

Emilia-Romagna er delt inn i ni provinsar:

Historie endre

Emilia-Romagna var ein del av områda til etruskarane før det vart erobra av romarane. Namnet på regionen har røter tilbake til romartida og Emilia refererer til via Æmilia, ein viktig romerveg frå Roma til dei nordlege delane av Italia. Romagna er ei omforming av Romània, då Ravenna var hovudstad i den italienske delen av Austromarriket, og langobardarane haldt fram med å nytte namnet på området rundt Ravenna. Kystområda av Emilia vart styrt av austromarriket frå 540 til 751. I mellomalderen følgjer historia til Emilia og Romagna historia til individuelle byar. På 1500-talet vart dei fleste av desse byane innlemma i Kyrkjestaten, men områda til Parma, Piacenza og Modena vart verande sjølvstendige fram til Emilia-Romagna vart ein del av Kongedømet Italia i 1859-1861.

Demografi endre

Byar i Emilia-Romagna med meir enn 50 000 innbyggjarar.

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Bologna 373 743
Modena 180 469
Parma 175 789
Reggio Emilia 157 388
Ravenna 149 084
Rimini 135 682
Ferrara 132 471
Forlì 112 477
Piacenza 99 340
Cesena 93 857
Imola 66 340
Carpi 64 517
Faenza 54 749

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Emilia-Romagna


 
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto