Correggio i Italia
Correggio er ein liten bykommune i den italienske provinsen Reggio Emilia i regionen Emilia-Romagna.
Correggio | |||
by | |||
Chiesa san Quirino i Correggio
Foto: Paolo da Reggio | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Emilia-Romagna | ||
Provins | Reggio Emilia | ||
Areal | 77,51 km² | ||
Folketal | 25 074 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 42015 | ||
Retningsnummer | 0522 | ||
Correggio 44°46′18″N 10°46′50″E / 44.771666666667°N 10.780555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Correggio (Italy) |
Byen ligg i Podalen og er med om lag 25 000 innbyggjarar den nest største i provinsen, etter hovudstaden Reggio Emilia som ligg 18 kilometer i sørleg retning. Byområdet er 77 km² og innbyggjartettleiken om lag 267 personar/km².[1]
Staden var busett allereie i romartida, seinare blei området folkesett av langobardane. På 1400- og 1500-talet blømde byen som hovudstad i ein liten signoria. Nokre kjende renessanseforfattarar var verksame i byen på den tida, til dømes Ludovico Ariosto og Torquato Tasso.
Renessansemålaren Antonio Allegri, betre kjend som il Correggio, og komponist og organist innan den venetianske skulen, Claudio Merulo, var begge fødde i byen.
Referansar
endre- ↑ Referansefeil: Ugyldig
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetstat