Opna hovudmenyen

Corse-du-Sud

franske departement
Corse-du-Sud
Våpenskjoldet til Corse-du-Sud
Plassering
Plasseringa til Corse-du-Sud i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 2A
Region: Korsika
Préfecture: Ajaccio
Sous-préfectures: Sartène
Arrondissement: 2
Kantonar: 22
Kommunar: 124
Président du conseil général: Jean-Jacques Panunzi
Statistikk
Folketal Rangering 99.
 -1999 118 593
Folketettleik: 30/km²
Landareal¹: 4 014 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Corse-du-Sud er eit departement på den sørlege halvdelen av Korsika i Frankrike.

HistorieEndra

Departementet vart oppretta 15. september 1975, då departementet Korsika vart delt inn i Haute-Corse og Corse-du-Sud. Grensene samsvarar med det tidlegare departementet Liamone, som eksisterte frå 1793 til 1811.

 
Kart over Korsika

GeografiEndra

Departementet er omringa på tre sider av Middelhavet og i nord grenser det til departementet Haute-Corse.

Heile øya Korsika er kledd med fjell.

KulturEndra

Koriskanarar er eit svært sjølvstendig folk. Ein folkeavstemming i 2003 der ein kunne stemme for auka sjølvstende vart derimot stemd ned med svært lite margin, 50,98 % mot 49,02 %. Dete var eit stort tilbakeskritt for den dåverande franske innanriksministeren Nicolas Sarkozy, som hadde håpa og bruke Korsika som eit første steg for desentraliseringspolitikken sin.

TurismeEndra

Sør-Korsika har eit varmt klima, som andre middelhavsøyar, og trekk derfor til seg mange turistar. Praktstykket er byen Bonifacio, som delvis er bygd på ei høg klippe. Dei indre fjellområda er òg svært vakre, særleg Aiguilles de Bavella, eit bert og nålliknande berg.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Corse-du-Sud