Courante [kurˈãt] (fransk for løpande) eller corrente (italiensk) er ein livleg kontrapunktisk dans i todelt takt frå 1600-talet. Han vart som regel nytta som andre satsen i ein suite.

Den eldre italienske correnten har 3/8- eller 3/4-takt og eit livleg tempo, medan den franske couranten har 3/2- eller 6/4-takt i eit saktare tempo. Den franske couranten er heller ikkje fullt så enkel i utforming og rytmikk. Ofte vart det veksla mellom dei to taktartane i den franske couranten, og han hadde punktert rytmikk og polyfon satshandsaming.

Courante vart mykje nytta i suitar frå barokken, ofte plassert mellom allemande og sarabande.

Kjelder endre