Courmayeur

kommune i Italia

Courmayeur er ein by og ein kommune i regionen Valle d'Aosta heilt nordvest i Italia. Kommunen har eit areal på 210 km² og har i kring 2 900 innnbyggjarar. Byen ligg ved foten av Mont Blanc, den høgste fjelltoppen i Alpene og i det vestlege Europa. Elva Dora Baltea renn igjennom Courmayeur, som ligg 1 224 meter over havet.

Utsyn over Courmayeur

Courmayeur er eit attraktivt turistmål året rundt. Det er ein kjend vintersportstad, og om sommaren er byen eit mykje nytta utgangspunkt for turvandrarar og klatrarar.

Bakgrunnsstoff endre