Mont Blanc (italiensk Monte Bianco), òg kalla «La Dame Blanche», er det høgaste fjellet i Alpane og Vest-Europa.[1]

Mont Blanc
fjell
Mont Blanc og Dôme du Goûter
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Høgd 4 808 moh.
Primærfaktor 4 695 m
Førstestiging 8. august 1786 - Jacques Balmat og Michel-Gabriel Paccard
Koordinatar 45°50′1″N 6°51′54″E / 45.83361°N 6.86500°E / 45.83361; 6.86500
Kart
Mont Blanc
45°49′58″N 6°51′54″E / 45.832777777778°N 6.865°E / 45.832777777778; 6.865
Wikimedia Commons: Mont Blanc

Fjellet ligg i området Aostadalen i Italia og Haute-Savoie i Frankrike. Det har lenge vore krangla om på kva side av landegrensa sjølve fjelltoppen ligg, og begge land plar å plassere toppen på si side av grensa på forskjellige kart. Etter ein avtale mellom Frankrike og Kongedømet Sardinia i Torino i 1861 vart grensa [2] trekt gjennom det høgaste punktet på Mont Blanc, og dette er den siste offisielle definisjonen på kor grensa går, sjølv om franske kart ofte ikkje respekterer denne løysinga.

Dei to mest kjende byane nær Mont Blanc er Chamonix i Haute-Savoie (åstad for dei første olympiske vinterleikane) og Courmayeur i Aostadalen. Mont Blanc-tunnelen går mellom desse to byane, og er ei viktig transportåre i Alpane. Han vart påbyrja i 1957 og stod ferdig i 1965 med ei lengd på 11,6 km.

Mont Blanc-massivet er eit populært område for fjellklatring, tur- og skigåing.

Historie endre

Første klatring endre

 
Mont Blanc sett frå lufta.

Den første registrerte klatringa av Mont Blanc var 8. august 1786 av Jacques Balmat og legen Michel Paccard. Denne klatreturen, etter initiativ frå Horace-Bénédict de Saussure, som gav ein premie til dei som først kom til topps, markerer starten på moderne fjellklatring. Den første kvinna på toppen av fjellet var Marie Paradis i 1808. Theodore Roosevelt, som seinare vart president i USA, leia òg ein ekspedisjon til toppen i 1886.

I dag vert toppen klatra av om lag 20 000 fjellklatrarar kvart år, og vert rekna som ein lett, men lang, klatretur. Frå l'Aiguille du Midi, som er stoppestad for ei kabelvogn, ser Mont Blanc nær ut, og er berre 1 000 meter høgare oppe.

Kvart år krev derimot Mont Blanc-massivet sine offer, og i høgsesongen (vanlegvis i august) har dei lokale redningsmannskapa om lag 12 redningsoppdrag, normal for å hente ut folk med problem på ei av dei vanlege rutene i fjellet. Ein tur til toppen av Mont Blanc krev god kjennskap til fjellklatring i stor høgd, ein guide (eller i det minste ein erfaren fjellklatrar) og skikkeleg utstyr. Det er ei lang rute med nokre vanskelege passasjar og fare for steinras. I tillegg må ein ha minst ei natt i ei av fjellhyttene for å verte vand til høgda. Viss ikkje er det fare for høgdesjuke, som kan vere livsfarleg.

Kven eig toppen? endre

Heilt sidan Den franske revolusjonen har dette spørsmålet vorte stilt. Før dette var heile fjellet ein del av Kongedømet Sardinia i fleire hundreår.

Den første avtalen som definerte ei grense i området går tilbake til 15. mai 1796. I denne avtalen vart den sardiske kongen tvungen av Napoleon til å gje frå seg områda Savoie og Nice til Frankrike, og i punkt 4 i avtalen står det: «Grensa mellom Det sardiske kongedømet og departementa i Frankrike skal opprettast på ei linje avgjort av ytterpunkta på Piedmont-sida og av fjelltoppane: Frå eit utgangspunkt ved grensene til Faucigny, Hertugdømet Aosta og Valais, til dei høgaste punkta av isbreane eller Monts-Maudits: Først toppane eller platåa i Alpane, til kanten av Col-Mayor». Avtalen er enno meir forvirrande, fordi han seier at grensa bør vere synleg frå byane Chamonix og Courmayeur. Toppen er ikkje synleg frå Courmayeur, fordi delar av fjella lenger nede skjuler han. Avtalane vart seinare bytta ut med ein annan avtale, og er uansett ikkje lenger gyldig.

 
Grenselinja på Mont Blanc, som erklært i avtalen signert i Torino 7. mars 1861

Den nye avtalen vart signert i Torino 24. mars 1860 av Napoleon III og Viktor Emmanuel II av Italia, og omhandar annekteringa av Savoie. Ein grenseavtale signert 7. mars 1861 definerer den «nye grensa».

Ei utgåva av Sarde Atlas,[2] frå 1823 plasserer grensa nøyaktig på toppen av fjellet (som her står oppført med ei høgd på 4 804 meter). Avtalen 7. mars 1861 såg dette, men trekte grensa på iskappa på Mont Blanc, slik at det vart både fransk og italiensk. Vasskiljeanalysar av den moderne topografien viser at toppen i dag ligg på grensa, men føreslår òg at grensa burde følgje ei linje nordover frå toppen mot Mont Maudit, slik at søraustryggen til Mont Blanc de Courmayeur burde ligge i Italia.

Trass i at den fransk-italienske grensa vart trekt om att både i 1947 og 1963, unngjekk dei spørsmålet om Mont Blanc.

Vallot-hytta endre

Den første vitskaplege utforskinga av toppen vart gjort av botanist og meteorolog Joseph Vallot på slutten av 1800-talet. Han ville halde seg nær toppen, så han bygd ei hytte her.

Janssen-observatoriet endre

I 1891 bygde Pierre Janssen eit observatorium ved toppen av Mont Blanc. Gustave Eiffel tok på seg prosjektet, så lenge han kunne finne eit godt fundament å bygge på. Den sveitsiske landmålaren Imfeld grov seg 15 meter nedover utan å finne fast grunn, så Eiffel gav opp.

Trass i dette vart observatoriet bygd i 1893. Bygningen vart bygd på isen, noko som fungerte til ein viss grad fram til 1906, då bygningen starta å helle kraftig. Til slutt opna det seg ein bresprekk under bygningen, og observatoriet vart til slutt forlète før det fall saman.

Flyulukker endre

To fly frå Air India styrta på fjellet i 1950 og 1966. Begge flya skulle lande på Genève flyplass då pilotane feilrekna høgda si. 48 og 117 menneske mista livet.

Høgd endre

 
Isbreen Mer de Glace ligg ned sidene av Mont Blanc til venstre på bilete.

Toppen av Mont Blanc er dekt av eit tjukt is- og snølag, som ligg året rundt. Denne tjukkleiken varierer, slik at ein ikkje har eksakt og permanent høgd på toppen. Nøyaktige målingar er derimot vorte utført. Lenge var 4 807 meter den offisielle høgda, men med hjelp av GPS-teknologi vart toppen målt til 4 810,40 meter i 2002.

Etter hetebølgja i 2003 i Europa, gjorde forskarar nye målingar av høgda. Dei målte høgda til 4 808,45 meter. At hetebølgja påverka isen i denne høgda er derimot tvilsamt, men høgda på fjelltoppen er vorte målt på nytt anna kvart år etter den tid. I 2005 vart høgda målt til 4 808,75 meter.

Høgda til fjellet utan isdekket er 4 702 meter, og ligg 40 meter frå den snødekte toppen.

Vern av Mont Blanc endre

Mont Blanc-massivet er sett fram som ein potensiell verdsarvstad, sidan det er ein unik og kulturelt viktig stad, som vert rekna som fødestaden for moderne fjellklatring. Ikkje alle er einige, og dei tre regjeringane i Italia, Frankrike og Sveits må i lag sende inn forslag til UNESCO for at den skal settast opp på lista.

Mont Blanc er ein av dei mest vitja turiststadane i verda, og er på grunn av dette truga.

Fotnotar endre

  1. Fjellkjeda Kaukasus, som har fjell som er høgare enn Mont Blanc, vert ofte rekna som ein del av Europa av politiske årsaker, sjølv om dei geografisk og kulturelt er meir asiatisk enn europeisk. Om ein ser bort frå Kaukasus er Mont Blanc det høgaste fjellet i Europa.
  2. 2,0 2,1 Image:1823_Mont_Blanc_1.jpg

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mont Blanc