Crans-Montana
Crans-Montana er ein feriestad i kantonen Valais i Sveits. Feriestaden dekker eit vidt område på eit platå, om lag 1 500 meter over havet, ovanom landsbyen Montana. Crans-Montana er i første rekke ein vintersportstad, det finst omkring 140 kilometer med skiløyper. Fleire gongar har det vore arrangert renn i den alpine verdscupen på staden. Verdsmeisterskapen i alpint 1987 vart avvikla i Crans-Montana, då super-G for første gong var meisterskapsøving. I sommarhalvåret vert større golfturneringar arrangert, der er ei nihols og ei 18-hols bane, til dømes ei turnering i Europatouren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crans-Montana» frå Wikipedia på tysk, den 4. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell turistside Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine.