Crash Bandicoot: The Wrath of Cortex
Crash Bandicoot: The Wrath of Cortex er eit plattformspel utgjeve av Universal Interactive Studios (Konami for Japan) og utvikla av Traveler's Tale for PlayStation 2, Xbox, og Nintendo GameCube-spelkonsollar. PlayStation 2-versjonen blei utgjeven i Nord-Amerika 29. oktober 2001, i Europa 23. november 2001 og i Japan 20. desember 2001. Xbox-versjonen blei sleppt ut i Nord-Amerika 15. april 2002, i Europa 26. april 2002 og i Japan 24. oktober 2002. Nintendo GameCube-versjonen kom ut i Nord-Amerika 17. september 2002, i Europa 1. november 2002 og i Japan den 4. desember 2003. Det var også eitt av lanseringsspela til Xbox Originals-tenesta den 4. desember 2007.
Crash Bandicoot: The Wrath of Cortex | |||
Utviklar(ar) | Traveller's Tales | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Vivendi Games | ||
Distributør | Konami | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Jon Burton | ||
Komponist(ar) | Andy Blythe og Marten Joustra | ||
Serie | Crash Bandicoot | ||
Plattform(er) | PlayStation 2, Xbox, Nintendo GameCube | ||
Utgjeving | 29. oktober 2001, 16. april 2002, 17. september 2002 | ||
Sjanger | plattformspel | ||
Spelemodus | einspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 3 | ||
Del av serien Crash Bandicoot⠀ |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crash Bandicoot: The Wrath of Cortex» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2012.