Cristina Neagu
Cristina Georgiana Neagu (fødd 26. august 1988) er ein rumensk handballspelar frå București. Ho er fire gongar: 2010, 2015, 2016, 2018, kåra til årets handballspelar i verda. Neagu er rykkromspelar.
Cristina Neagu | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 26. august 1988 (36 år) București |
Idrett | handball |
Tok del i | Håndball under Sommer-OL 2008 |
Utmerkingar | Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF, Årets handballspelar frå IHF |
Karriere
endreKlubbspel
endreNeagu var frå 2009 aktiv i Râmnicu Vâlcea, ein klubb som 2010 vart nasjonal seriemeister. Same året nådde laget finalen i EHF-meisterligaen, der det vart tap mot danske Viborg HK. Tidleg i 2011 vart ho skadd, og kom fyrst på bana att i oktober 2012. Berre tre månader seinare, i januar 2013, skadde ho korsbandet. Ho forlet i 2013 det konkurstruga Râmnicu Vâlcea. Perioden 2013-17 spelte ho for den montenegrinske toppklubben ŽRK Budućnost. Ho var ein sentral spelar då Budućnost i 2015 sigra i EHF-meisterligaen. Sidan 2017 har ho spelt for CSM București.
Landslagsspel
endreMed det rumenske landslaget har Neagu vunne bronsemedalje ved Handball-EM 2010 og ved Handball-VM 2015. I begge desse meisterskapa var ho toppskårar i turneringa.
Merittar
endre- Vinnar av EHF-meisterligaen: 2015 for ŽRK Budućnost
- Tapande finalist i EHF-meisterligaen: 2010 Râmnicu Vâlcea
- Tapande finalist i EHF-cupvinnarcupen: 2008 Rulmentul Brasov
- Rumensk seriemeister: 2010, 2011, 2012, 2013 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2021 for CSM București
- Rumensk cupvinnar: 2011 for Râmnicu Vâlcea – 2018, 2019, 2022 for CSM București
- Montenegrinsk seriemeister: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost
- Montenegrinsk cupvinnar: 2014, 2015, 2016, 2017 for ŽRK Budućnost
- VM 2009: Nr 4
- EM 2008: Nr 5
- EM 2010: Bronsemedalje etter 25–20 mot Sverige
- VM 2015: Bronsemedalje etter 31–23 mot Nederland
- EM 2016: Nr 5
- EM 2018: Nr 4
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cristina Neagu» frå Wikipedia på tysk, den 7. oktober 2022.