Viborg Håndbold Klub er ein dansk handballklubb heimehøyrande i Viborg, stifta i 1936. Kvinnelaget til Viborg deltek i danske toppserien. Laget spelar i grøne skjorter og elles svart.

Viborg HK sitt kvinnelag er det mest suksessrike i dansk handball med sine 14 meisterskapstitlar og 10 pokaltitlar. Åra 2006, 2009 og 2010 sigra Viborg i EHF-meisterligaen. Tidlegare vann klubben EHF-cupen i 1994, 1998 og 2004, og seinare trimferte Viborg i EHF-cupvinnarcupen 2014.

Spelarar

endre

Norske Heidi Tjugum, Tonje Larsen, Camilla Thorsen, Katrine Lunde, Kristine Lunde-Borgersen, Ida Bjørndalen, Marit Frafjord, Amanda Kurtović, Anne Kjersti Suvdal, Moa Högdahl, Emilie Hovden har alle spelt for Viborg HK.

Danske Anne Dorthe Tanderup, Anja Andersen, Janne Kolling og Karen Brødsgaard, samt franske Valérie Nicolas, tyske Grit Jurack, montenegrinske Bojana Popović og svenske Isabelle Gulldén har alle saman gjort teneste i Viborg HK.

Kjelder

endre