Cubit
Cubit er ei eldre engelsk måleining for lengd. Storleiken varierte mellom 17 og 22 tommar. Som oftast vert 1 cubit rekna som 18 tommar eller 45,7 cm. Det svarar om lag til éin romersk alen og éin gammal norsk tommel-alen. Cubit har normalt ikkje vore rekna med blant dei vanlege lengdeiningane i England etter romersk tid.