Cupfinalen i fotball 2009/Menn

'Cupfinalen for menn 2009 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 104. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Aalesunds Fotballklubb frå Ålesund og Molde Fotballklubb. Finalen vart avvikla sundag 8. november 2009 på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 25 109 tilskodarar. Etter 120 minutt stod det 2 – 2 på måltavla. I den etterfylgjande straffeskytinga trefte AaFK på alle sine straffespark, Molde stoppa på 4 fulltreffarar. Dermed hadde Aalesund FK sikra seg kongepokalen i klubbens aller fyrste NM-finale.

Kampen

endre

Mame Biram Diouf sende Molde i føringa i det 27. minutt og på ny i det 96. minutt. I mellomtida skåra Glenn Roberts for AaFK då kampen var 53. minutt gammal. Ni minutt ut i andre ekstraomgng syrgde innbytaren Tor Hogne Aarøy for at det vart ei straffesparktevling som skulle avgjere NM-finalen. Denne tevlinga opna med at Molde-innbytaren Mota bomma. Sidan skapte alle ni eksekutørane nettsus. Straffene frå Stephenson, Arneng, Herrera, Phillips og Skiri ordna dermed NM-pokal til Aalesunds Fotballklubb.

Ålesund FK sitt historiske mannskap: Anders Lindegaard, Ville Jalasto, Amund Skiri, Jonatan Tollås Nation, Jonathan Parr, Khari Stephenson, Johan Arneng (kaptein), Trond Fredriksen, Fredrik Carlsen, Diego Silva, Glenn Roberts. Pablo Herrera kom inn etter ein times spel, Tor Hogne Aarøy og Demar Phillips entra bana i det 102. minutt. Roberts, Fredriksen og Silva steig av etter tur.

Molder FK mønstra: Knut Lillebakk, Kristoffer P. Vatshaug, Christian Steen, Vegard Forren, Øyvind Gjerde, Daniel Hestad (kaptein), Makhtar Thioune, Magne Hoseth, Pape Paté Diouf, Mame Biram Diouf, Mattias Moström. Marcus Andreasson kom inn for skadde Gjerde i slutten av fyrste omgang. Thomas Holm kom i spel vel kvarteret ut i andre omgang, og José Mota deltok i ekstraomgangane.

Hovuddommar var Kristoffer Helgerud frå Lier.

Kjelder

endre