Cupfinalen i fotball 2016/Menn

Cupfinalen for menn 2016 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 110. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom tittelforsvarar Rosenborg Ballklub frå Trondheim og nivå 2-laget Kongsvinger Idrettslag, og vart avvikla søndag 20. november 2016 på Ullevaal Stadion i Oslo framfor 26 912 tilskodarar. Rosenborg vann kongepokalen for ellevte gong, etter siger 4–0 over laget frå Kongsvinger.

Pål André Helland skåra tre av måla og vart norsk meister for tredje gong

Kampen

endre

Pål André Helland gav Rosenborg leiinga på eit frispark frå 25 meter i det 12. minutt. Fem minutt ut i andre omgang skalla Tore Reginiussen eit hjørnespark i mål. I det 63. og 65. minutt la Helland på 3– og 4–0. Begge gongane finta han seg fri kringom hjørnet av 16-meterstreken, fyrste gongen sette han ballen i det nærast kiper-hjørnet, andre målet kom i det lengste hjørnet.

Tore Hansen frå Feda var hovuddommar.

Rosenborg BK mønstra fylgjande mannskap: André Hansen, Jonas Svensson, Tore Reginiussen, Holmar Eyjolfsson, Jørgen Skjelvik, Mike Jensen (kaptein), Anders Konradsen, Fredrik Midtsjø, Pål André Helland, Christian Gytkjær, Mushaga Bakenga. I det 70. minutt vart Bakenga bytta ut Elbasan Rashani, medan Matthías Vilhjálmsson og Alexander Gersbach fekk vere med på festen dei siste 10-12 minutta. Midtsjø og Helland steig då av.

Kongsvinger mønstra Otto Fredrikson, Fredrik Pålerud, Adrian Ovlien, Kirill Suslov, Jørgen Richardsen, Martin Ellingsen, Harald Holter, Ørjan Røyrane, Helio Pinto, Adem Güven og Antonio Nieves Martin. Midtvegs i andre omgang kom Mame Niang, Johan Vennberg og Espen Nystuen på bana, ut gjekk Güven, Holter og Suslov.

Kjelder

endre