Rosenborg Ballklub

Rosenborg Ballklub (RBK) er ein fotballklubb frå Trondheim. A-laget for menn spelar i Eliteserien (2020) og Rosenborg2 spelar i 2. divisjon avdeling 2. Noverande hovudtrenar er Alfred Johansson.

Rosenborg

Fullt namnRosenborg Ballklub
KallenamnTroillongan, Troillan
Kort namnRBK
Grunnlagd19. mai 1917
Heimebane
(kapasitet: 21 405 seter[1])
StyreleiarCecilie Gotaas Johnsen
SportsdirektørMikael Dorsin
HovudtrenarAlfred Johansson
SupporterklubbKjernen
LigaEliteserien
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben vart stifta i 1917 under namnet Odd, men skifta namn til Rosenborg Ballklub i 1927. Dei har imponert både ved at dei vann Tippeligaen 13 sesongar på rad (19922004) (i Europa berre slått av Skonto Riga, Latvia), og ved å kvalifisere seg til Meisterligaen kvart år sidan starten, med unnatak av hausten 2003 og 2006. I 2005 kom Rosenborg berre på 7. plass i eliteserien, men vann att i 2006.

Troppen til A-laget endre

Oppdatert 6. januar 2024.[2]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
2   F Erlend Dahl Reitan
3   F Jonathan Augustinsson
6   MB Santeri Väänänen
7   F Markus Henriksen
8   MB Tobias Børkeeiet
9   A Ole Sæter
10   MB Ole Selnæs
11   A Jayden Nelson
14   A Emil Frederiksen
16   F Håkon Røsten
Nr. Posisjon Spelar
17   A Isak Thorvaldsson
18   MB Morten Bjørlo
19   F Adrian Pereira
20   MB Edvard Tagseth
21   Olaus Jair Skarsem
22   A Agon Sadiku
23   F Ulrik Yttergård Jenssen
24   K Sander Tangvik
25   F Adam Andersson
27   A Noah Jean Holm
28   A Rasmus Wiedsheim-Paul
32   F Leo Cornic
38   F Mikkel Konradsen Ceide
39   MB Marius Broholm
40   F Paweł Chrupałła
41   MB Sverre Nypan
  K Rasmus Sandberg

Historie endre

Klubben har hatt to gullaldrar. I 1960-åra spelte klubben seg opp frå å vera eit ukjent lag, til å vinne cupen to gonger (i 1960 og i 1964), og dessutan serien to gonger (i 1967 og i 1969). Av dei mest kjende spelarane frå denne tida, er Odd Iversen og Harald Sunde.

RBK tok sølv i serien i 1970 og tok «The Double» i 1971. Sunde og Iversen vart selt som par til Racing Mechelen i 1970. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972, Iversen i 1973.

Neste gullalder starta med seriegull i 1985, og etter at Nils Arne Eggen gjorde comeback som trenar i Rosenborg i 1988, har klubben dominert norsk fotball.

Trond Sollied trente klubben eit mellomår for Eggen i 1998. Da Eggen gav seg i 2003, tok Åge Hareide over som trenar, men han slutta for å bli trenar for herrelandslaget etter berre eitt år. Tidlegare assistenttrenar Ola By Rise tok over trenarjobben året etter, men fekk sparken etter den eine sesongen, sjølv om laget vann Tippeligaen – rett nok med eit naudskrik – og kvalifiserte seg for Meisterligaen igjen. Assistenttrenar for Ola By Rise, Per Joar Hansen, tok da over som hovedtrenar, og fekk med seg Nils Arne Eggen, Bjørn Hansen og Rune Skarsfjord som i støtteapparatet på trenarsida.

Ut over i sesongen 2005, synte det seg at resultata vart dårlegare enn forventa. Den 7. august gjekk Per Joar Hansen av som trenar. Den 8. august vart det klart av Per-Mathias Høgmo vart ny hovudtrenar. Etter ein dårleg start under Høgmo si leiing, gjekk det betre mot slutten av 2005-sesongen. Rosenborg blei til slutt nr. 7 i eliteserien. Høgmo leia også Rosenborg til gruppespelet i meisterligaen. Hausten 2006 vart Høgmo sjukmeldt, og klubben vart leidd fram til seriemeisterskap av Knut Tørum. Høgmo trekte seg 31. oktober 2006, og Tørum tok da over som trenar. 25. oktober 2007 vart det kjent at Tørum hadde fått sparken på grunn av manglande resultat i serien, og assistentrenar Trond Henriksen tok over trenarjobben. Trenarskiftet vart offentleggjort dagen etter at Rosenborg hadde slått Valencia 2-0 i Meisterligaen.

Meisterligaen endre

RBK har delteke i Meisterligaen (engelsk: Champions League) kvart år sidan 1995, med unnatak av hausten 2003, da dei rauk ut i kvalifiseringa og måtte spela UEFA-cup i staden, og 2006, da dei pga. 7. plass i Noreg året før ikkje spelte kvalifisering. Som ein av dei største prestasjonane til RBK, hugsar mange 2–1-sigeren borte mot AC Milan i desember 1996. Han førte til at AC Milan vart slått ut etter gruppespelet, og RBK gjekk vidare til kvartfinalen. Der vart likevel RBK slått ut av Juventus, etter å ha spelt 1–1 heime og tapt 2–0 i Torino.

Stadion endre

Lerkendal stadion vart innvidd 10. august 1947 og fekk installert flaumlys i 1968. «Nye Lerkendal» stod ferdig i oktober 2002 og har ein kapasitet på 21 166 tilskodarar.

Publikumsrekorden er 28 619, frå 15. oktober 1985, i ein seriekamp mot Lillestrøm.

Triumfar endre

Seriemeisterskap endre

1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015, 2016, 2017, 2018.

Cupmeisterskap endre

1960, 1964, 1971, 1988, 1990, 1992, 1995, 1999, 2003, 2015, 2016 og 2018.

Toppscorarar i serien endre

År Namn Mål
1967 Odd Iversen 17
1968 Odd Iversen 30
1969 Odd Iversen 26
1970 Erling Meirik 5
1971 Bjørn Wirkola og Arne Hansen 6
1972 Arne Hansen 9
1973 Odd Iversen 9
1974 Odd Iversen 11
1975 Odd Iversen 9
1976 Magnar Florholmen 11
1977 Steinar Nilsen og Kjell Øyasæther 3
1979 Viggo Sundmoen og Jørgen Sørli 7
1980 Viggo Sundmoen 11
1981 Odd Iversen 9
1982 Sverre Brandhaug 9
1983 Håvard Moen 8
1984 Sverre Brandhaug 13
1985 Gøran Sørloth 12
1986 Sverre Brandhaug 7
1987 Andre Nieuwlaat 9
1988 Sverre Brandhaug 10
1989 Jahn Ivar Jakobsen 18
1990 Jahn Ivar Jakobsen 17
1991 Karl Petter Løken 12
1992 Tore André Dahlum 13
1993 Gøran Sørloth 7
1994 Harald Martin Brattbakk 17
1995 Harald Martin Brattbakk 26
1996 Harald Martin Brattbakk 28
1997 Sigurd Rushfeldt 25
1998 Sigurd Rushfeldt 27
1999 Sigurd Rushfeldt 15
2000 Frode Johnsen 9
2001 Frode Johnsen 17
2002 Harald Martin Brattbakk 17
2003 Harald Martin Brattbakk 17
2004 Frode Johnsen 19
2005 Thorstein Helstad 13
2006 Steffen Iversen 17
2007 Steffen Iversen 13
2008 Steffen Iversen 10
2009 Rade Prica 17
2010 Steffen Iversen 14
2011 Rade Prica 16
2012 Rade Prica 11
2013 John Chibuike 9
2014 Alexander Søderlund 13
2015 Alexander Søderlund 22
2016 Christian Gytkjær 19

Klubbprofilar endre

 
Med 16 seriegull og fem kongepokalar er Roar Strand den mestvinnande spelaren i norsk fotball
Kåre Rønnes Jan Hansen Bent Skammelsrud
Sverre Fornes Ola By Rise Erik Hoftun
Eldar Hansen Sverre Brandhaug Roar Strand
Nils Arne Eggen Knut Torbjørn Eggen Harald Martin Brattbakk
Odd Iversen Gøran Sørloth Steffen Iversen
Tor Røste Fossen Rune Bratseth Sigurd Rushfeldt
Jan Christiansen Karl Petter Løken Fredrik Winsnes
Harald Sunde Kåre Ingebrigtsen
Erling Meirik Ørjan Berg
Svein Grøndalen Jahn Ivar Jakobsen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre