Opna hovudmenyen

Cupfinalen i fotball for menn 2013

Cupfinalen for menn 2013 var den siste og avgjerande fotballkampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 108. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Molde Fotballklubb og Rosenborg Ballklub frå Trondheim, og vart avvikla søndag 24. november 2013 på Ullevaal Stadion i Oslo. Molde FK vart norsk meister etter å ha vunne med 4–2 over Rosenborg BK. Det var fjerde gongen klubben vann NM-finalen. 24 828 tilskodarar var til stades på arenaen.

LagaEndra

Molde stilte med fylgjande mannskap: Ørjan Nyland, Martin Linnes, Even Hovland, Vegard Forren, Knut Olav Rindarøy, Mattias Moström, Emmanuel Ekpo, Magne Hoseth, Jo Inge Berget, Daniel Chukwu og Fredrik Gulbrandsen. Mats Dæhli kom inn for Moström i det 53. minutt, medan Tommy Høiland og Daniel Berg Hestad kom inn i sluttminuttane i staden for høvesvis Gulbrandsen og Chukwu.

Rosenborg sitt lag bestod av: Daniel Örlund, Jon Inge Høiland, Stefan Strandberg, Tore Reginiussen, Jørgen Skjelvik, Tobias Mikkelsen, Mikkel Diskerud, Ole Selnæs, Mike Jensen, Jonas Svensson og John Chibuike. Nicki Bille Nielsen kom inn i staden for Selnæs i det 76. minutt, medan både Høiland og Svensson vart bytta ut etter 84. minutt til fordel for høvesvis Christian Gamboa og Pål Andre Helland.

MålaEndra

Rindarøy gav Molde leiinga i det 16. minutt, men allereie eit minutt seinare hadde Diskerud utlikna. Reginiussen sende Rosenborg i føringa i det 49. minutt. Sidan utlikna Berget i det 71. minutt og Hoseth snudde kampen med ei skåring i 82. minutt. I sluttsekundane fatssette Tommy Høiland sluttresultatet til 4-2 til Molde.

Svein Oddvar Moen frå Haugar dømde kampen.

KjelderEndra