Opna hovudmenyen

Cupfinalen i fotball for menn 2014

Cupfinalen for menn 2014 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 109. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Molde Fotballklubb og Odds Ballklubb frå Skien, og vart avvikla søndag 23. november 2014 på Ullevaal Stadion i Oslo. Molde FK vart norsk meister etter å ha vunne med 2-0 over Odd. Det var fjerde gongen klubben vann NM-finalen. 26 582 tilskodarar var til stades på arenaen.

LagaEndra

Molde stilte med fylgjande mannskap: Ørjan Nyland (kaptein), Martin Linnes, Joona Toivio, Vegard Forren, Per-Egil Flo, Mattias Moström, Harmeet Singh, Etzaz Hussain, Mohamed Elyonoussi, Daniel Chukwu og Fredrik Gulbrandsen. Björn Sigurdarson kom inn i staden for Chukwu i det 69. minutt, Tommy Høiland inn for Gulbrandsen i det 79. minutt og Daniel Berg Hestad inn i sluttsekundane for Moström.

Odd mønstra spelarane: Andre Hansen, Lars-Kristian Eriksen, Jarkko Hurme, Steffen Hagen, Thomas Grøgaard, Fredrik Nordkvelle, Fredrik Jensen, Jone Samuelsen, Chukwuma Akabueze, Frode Johnsen og Herolind Shala. Ole Jørgen Halvorsen erstatta Shala i det 66. minutt, Ardian Gashi Jensen i det 81. minutt og Håvard Storbæk Nordkvelle i det 84 minutt.

MålaEndra

Fredrik Gulbrandsen sende Molde i føringa i det 73. minutt, medan Mohamed Elyounoussi la på til 2-0 i det 88. minutt.

KjelderEndra