Skien

by i Telemark
Denne artikkelen handlar om byen Skien. For kommunen, sjå Skien kommune. For tettstaden, sjå Skien/Porsgrunn.

Skien er ein by og administrasjonssenter i Skien kommune i Telemark. Byen ligg ved Skienselva søraust i kommunen og utgjer den delen av tettstaden Skien/Porsgrunn som ligg i Skien kommune. Skiendelen av denne tettstaden har 48 296 innbyggjarar (2015).[1]

Skien
By
Skien sentrum sett frå aust mot vest.
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Skien
Del av Porsgrunn/Skien
Koordinatar 59°12′34.6″N 9°36′32.3″E
Areal 25,82 km²
 - storbyområde 52,97 km²
Folketal 48 296  (2015)
 - storby 95 763
Folketettleik 1 808 / km²
Preposisjon i Skien
Kart
Skien
59°12′35″ N 9°36′32″ E
Wikimedia Commons: Skien
Nettstad: www.skien.kommune.no

Skien bysenter ligg der Farelva frå Norsjø dannar Hjellevatnet, og deler seg i ein foss på kvar side av Klosterøya og hamnebassenget øvst i Skienselva. Det kuperte terrenget gjer sentrum i Skien trongt med ein hovudakse nord–sør. Byen fekk si nåverande sentrumsregulering etter den siste store bybrannen i 1886.

Skien er sete for fylkesmannen og fylkeskommunens administrasjon. I byen ligg også sjukehuset Telemark HF og ei rekke vidaregåande skular. Det er fengsel på Rødmyr, travbane på Klosterskogen, og idretts- og symjehall (Skienshallen).

I byen kjem avisene Telemarksavisa og Varden ut.

Næringsliv endre

Skien er ein gammal trelast- og industriby ved utløpet av Telemarksvassdraget. Dei første industribedriftene frå 1850-åra var knytt til vasskraft og treforedling. I dag er Skien Telemarks viktigaste handels- og administrasjonsby, medan industrien har gått noko tilbake dei siste åra. Etter nedlegginga av papirindustrien AS Union i 2006 er dei viktigaste industribransjane verkstadindustri; særleg elektroteknisk industri, grafisk industri og næringsmiddelindustri. Det er etablert nye næringsområde på Kjørbekk og Rødemyr, og eit nytt hamneanlegg i Voldsfjorden.

Samferdsel endre

Gjennom Skien går riksveg 36 (Eidanger–Seljord). Bysenteret ligg 13 kilometer frå E 18. Frå sentrum går riksveg 32 over Siljan til Lågendalen, og denne vegen er ein del av det kortaste vegsambandet Skien–Oslo. Fylkesveg 354 fører frå bysenteret til Porsgrunn og Bamble på vestsida av elva. Elles er det bygd ut eit finmaska og godt vegnett i området. Skien lufthamn, Geiteryggen ligg sørvest for bysenteret.

Historie endre

 
Skien sentrum sett frå hamna.

Skien voks fram der fallet frå Hjellevatnet hindra vidare skipsfart oppetter Skienselva. Det tidlegaste dokumentet som viser byprivilegium er frå 1358. Utbygging av industri tok til på 1500-talet, med gruvedrift i Glasergruva, Fossum Jernverk og sagbruk som nytta fossefallet. Tømmerfløyting på elva kom i gang på 1600-talet, og Skien vart eksporthamn for tømmer og plank og importhamn for korn. Landhevinga og utviklinga i skipsfarten hadde etter kvart gjort byen vanskeleg å nå med handelsskip, og ladestadene Porsgrunn, Brevik og Langesund voks fram på 1600-talet. Utover 1700-talet gjekk det attende med Skien medan ladestadene voks. Byen fekk ny framgang som industriby, kommunikasjonsknutepunkt og administrasjonssenter i fylket. I 1873 vart Union Bruk etablert. Norsjø–Skienkanalen vart bygd i perioden 1854—1861, Bandak-Norsjøkanalen vart opna i 1892. Skien fekk jernbanesamband via Vestfoldbanen i 1882 og Bratsbergbanen i 1917.

Ei rad store brannar har herja byen opp gjennom åra, i 1652, 1671, 1681, 1732, 1766, 1777 og sist i 1886, vart store delar av byen lagt i oske. Gateplanen i sentrum vart fastlagt etter brannen i 1886.

I 1964 vart Skien by slegen saman med herada Solum og Gjerpen og Valebø krins av Holla til storkommunen Skien. Kommunegrensene har lege fast etter ei mindre grenseregulering mot Porsgrunn i 1968.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«Skien» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no. «Skien – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skien