Cupfinalen i fotball 2021/22/Menn

Cupfinalen for menn 2021/22 var den siste og avgjerande kampen i Noregsmeisterskapen i fotball for menn, den 115. cupfinalen i Noreg. Kampen stod mellom Molde Fotballklubb og Bodø/Glimt og vart avvikla søndag 1. mai 2022 på Ullevaal Stadion i Oslo, kampstart 16.00. Molde FK vart norsk meister etter å ha vunne med 1–0 på straffespark. Det var femte gongen klubben frå Molde vann NM-finalen. 19 657 tilskodarar var til stades på arenaen.

Molde-mannskapet bestod av: Jakob Karlstrøm, Benjamin Tidemann Hansen, Martin Bjørnbakk, Birk Risa, Martin Linnes, Sivert Mannsverk, Emil Breivik, Kristoffer Haugen, Eirik Ulland Andersen, Magnus Eikrem (kaptein), Ola Brynhildsen. Markus Kaasa kom inn i det 34. minutt i staden for skadde Andersen. Eit lite kvarter før full tid gjekk Eikrem og Haugen ut, inn kom Magnus Grødem og Erling Knudtzon. Fem minutt seinare bytta Rafik Zeknini plass med Brynhildsen.

For Bodø/Glimt stilte: Nikita Haikin, Alfons Samsted, Brede Moe, Marius Høibråten, Brice Wembangomo, Hugo Vetlesen, Elias Hagen, Ulrik Saltnes (kaptein), Runar Espejord, Amahl Pellegrino. I pausen måtte Espejord og Hagen vike plass for Viktor Boniface og Gaute Vetti. Vel 10 minutt før full tid kom Sondre Fet, Gabriel Komsson og Sondre Sørli på bana, ut gjekk Pellegrino, Vetlesen og Wembangomo.

Kjelder

endre