Magnus Eikrem

norsk fotballspelar

Magnus Wolff Eikrem (fødd 8. august 1990) er ein norsk fotballspelar frå Molde som har spelt for Molde Fotballklubb i periodane 2011-13 og sidan 2018. Han er midtbanespelar, kjent som ein framifrå playmaker.

Magnus Eikrem


Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1990 (33 år)
Molde kommune
Idrett fotball
Utmerkingar

Kniksenprisen for årets midtbanespiller

Magnus Eikrem i 2012

Karriere endre

Klubbspel endre

Eikrem var med i junioravdelinga til Manchester United, men kom aldri på fyrselaget. Frå 2011 til juni 2013 var Molde-spelar, deretter eit halvår i SC Heerenveen. Etter eitt års mislukka opphald i Cardiff City, skreiv han i januar 2015 kontrakt med Malmö FF. Her var han med om å vinne Allsvenskan i 2016 og i 2017. 25. juli 2018 var han tilbake i Molde FK. Her var han ein sentral spelar då laget i 2019 lukkast vinne den norske fotballserien. 1. mai 2022 kunne han som kaptein lyfte kongepokalen etter Molde slo Bodø/Glimt med 1-0 i cupfinalen.

Landslagsspel endre

I tida frå 15. januar til 31. august 2016 deltok Eikrem i 17 av Noregs landskampar, utan å kome på skåringslista.

Merittar endre

  • Svensk seriemeister: 2016 og 2017 for Malmö FF
  • Norsk seriemeister: 2019 for Molde FK
  • Norsk cupmeister: 2021/22 for Molde FK

Kjelder endre