Cupfinalen i fotball for menn 2022/23
Cupfinalen i fotball 2022/23 var den 114. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt laurdag 20. mai 2023 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 25 532 tilskodarar. Sportsklubben Brann frå Bergen tok heim kongepokalen ved å vinne med 2–0 over Lillestrøm Sportsklubb.
Kampen
endreI det 16. minutt tok Mathias Rasmussen seg heilt ned til dødlinja og fekk avgarde eit innlegg som Ole Didrik Blomberg frå 3-4 meter breisida i eit tomt mål. Seinare i omgangen måtte Hedenstad i Lillestrøm-målet strekke seg for å stoppe ein markkrypar frå Bård Finne. På eit hjørnespark fekk Thomas Lehne Olsen hoppe opp fritt, men stanga ballen utanfor Brann-buret. Bård Finne avgjorde kampen då han etter 61 minutt, frå midt på LSK sin banehalvdel avanserte og reiv seg fri frå ein forsvarsspelar, før han frå 13-14 m skaut ein låg ball tilbake i målvaktas høgre hjørne.
Laga
endreBrann sine norske meistrar heitte Mathias Dyngeland, Svenn Crone, Japhet Sery Larsen, Ruben Kristiansen, David Wolfe, Mathias Rasmussen, Sivert Heltne Nilsen (kaptein), Felix Myhre, Ole Didrik Blomberg, Bård Finne, Fredrik Børsting, samt innbytarane Niklas Wassberg, Fredrik Pallesen Knudsen, Niklas Castro og Thore Pedersen, dei to siste kom på bana då dommaren Tore Hansen frå Feda Idrettslag gjorde seg klar til å blåse av kampen.
Lillestrøm SK stilte frå start med Mads Hedenstad, Espen Garnås, Ruben Gabrielsen, Vetle Skjærvik, Lars Ranger, Vetle Dragsnes, Ylldren Ibrahamaj, Vebjørn Hoff, Gjermund Åsen, Thomas Lehne Olsen, Akor Adams. Ranger vart skadd og bytt ut med Eskil Edh i det 28. minutt. Sidan måtte Ibrahamaj, Garnås og Åsen vike plass for høvesvis Magnus Knudsen, Kristoffer Tønnesen, og Tobias Svendsen etter halvspelt andreomgang. Andreas Vindheim fekk spele eit lite kvarter i staden for Dragsnes.