Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°56′56.375″N 10°44′3.5844″E

Ullevaal Stadion er Noregs landslagsarena i fotball og ligg på Ullevål i Oslo. Han blei opna i 1926 av kronprins Olav. Opninga blei markert med ein fotballkamp mellom Lyn og svenske Örgryte, kronprinsen tok avsparket i kampen. Lyn-laget var styrkt av spelarar frå Vålerenga, Frigg, Gjøa og Kampørn.

Ullevaal Stadion
Ullevaal Stadion 2006-05-12.JPG
Adresse Sognsveien 75J
0855 Oslo
Eigar Norges Fotballforbund
Drift Ullevaal Stadion Idrett A/S
Brukarar Vålerenga
Norges Fotballforbund
Underlag Gras
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
1926
Stengt
Hendingar

Heimekampane til Vålerenga
Diverse konsertar

Ullevaal stadion sett utanfrå
Foto: Kjetil Ree
Hafslundtribunen på Ullevaal Stadion
Foto: Anne-Sophie Saldana

Norges Fotballforbund eig Ullevaal Stadion. Flest tilskodarar var det på landskampen mot Sverige 22. september 1935 med 35 495 personar. Eit vekkelsesmøte med Billy Graham i 1955 hadde 40 000 menneske innanfor portane. I dag (2008) er kapasiteten 25 572. Alle plassane på stadionen er sitjeplassar. Det finst planar om å auke kapasiteten til 30 000. Dette vil gjera Ullevaal skikka til å halde EM- og VM-kampar, samt e-cupfinalekampar.

I tillegg til landslaget, spelar òg Lyn og Vålerenga sine heimekampar på Ullevaal Stadion.

BakgrunnsstoffEndra