Dåin, Dvalin, Dunøyr og Duratro

Dåin, Dvalin, Dunøyr og Duratro (norrønt Dáinn, Dvalinn, Duneyrr og Duraþrór) er fire hjortedyr som ifølgje Gylvaginning i Den yngre Edda spring omkring på greinene til verdstreet Yggdrasil og beitar i lauvverket.[1]

Asken Yggdrasil med hjortane som beitar i greinene. Måleri av Friedrich Wilhelm Heine, 1886.

Dei fire hjortane er også omtalte i Grimnesmål i Den eldre Edda:

Hjortane fire
halsen rekkjer
og bit av grøne greiner;
Dåin og Dvalin,
Dunøyr og Duratro.[2]

Hjortane inngår i skildringa av mange dyr som held til i Yggdrasil. I toppen sit ørna Vidofnir med hauken Verfolne mellom augo. Rundt rota av treet snor slangen Nidhogg seg, medan ekornet Ratatosk spring opp og ned og tek med seg hatefulle ord mellom dei.

Kjelder

endre
  1. Gylvaginning, Den yngre Edda, Norrøne bokverk 42, 1973, s 36
  2. Grimnesmål, vers 33