Ratatosk

Ratatosk, på norrønt Ratatoskr, er i norrøn mytologi eit ekorn som lever i verdstreet Yggdrasil. Ratatosk spring som bodbringar mellom toppen og rota av asketreet. Han er bodbringar frå ei verd til ei anna. Han talar med alt frå æsene til nornene.

Ekornet Ratatosk i eit islandsk manuskript frå 1600-talet.

I toppen av treet sit ei ørn. Mellom augene på ørna sit hauken Verfølne. Ørna og hauken ser det meste som skjer i verda. Ved eine rota til Yggdrasil, i Nivlheim, ligg draken Nidhogg og skadar rota. Snorre Sturlason skriv i den yngre Edda at ekornet yppar til strid mellom Nidhogg og ørna.

I Grimnesmål, vers 32, er Ratatosk omtala:

Ratatosk heiter eit ikorn
Han skal springa
på aska Yggdrasil
orda til ørna skal han bera ovanfrå
og seia til Nidhogg nedanfor

norrønt:

Ratatoskr heitir ikorni,
er renna skal
at aski Yggdrasils;
arnar orð
hann skal ofan bera
ok segia Niðhöggvi niðr.