Daudis

(Omdirigert frå Dødis)

Daudis er eit omgrep nytta om restar av isbrear som har slutta å flytte på seg og som ligg i ro og gradvis smeltar bort. Etter at isen har smelta etterlet han eit bakkelandskap skapt av avleiringane frå isbreen.

Daudisgrop i Hossa naturområde i Suomussalmi i Finland.

Isrestane kan stundom gje opphav til bredemde sjøar. Når daudis smeltar vert ofte nokre klumpar av isen dekte av sand og grus, som vert skyld ut av smeltevatnet. Når all isen til slutt er smelta, vert overflata ofte ruglete med små haugar og groper, ofte sirkelforma groper med små tjern kalla grytehol eller daudisgroper. Dette finn ein mellom anna i dei gamle istidsavsetningane rundt Gardermoen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

«dødis» i Store norske leksikon, snl.no.