Dødslekene-serien
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Dødslekene er ein science fiction[1] dystopisk eventyrtrilogi skriven av den amerikanske forfattaren Suzanne Collins. Den fyrste boka heiter Dødslekene (The Hunger Games) frå 2008, den andre Opp i flammer (Catching Fire) frå 2009 og den tredje Fugl Føniks (Mockingjay) frå 2010.[2][3][4]

- Denne artikkelen handlar om Dødslekene-serien. For den fyrste boka i serien, sjå Dødslekene.
Struktur Endra
Kvar bok i trilogien er delt inn i tre delar med ni kapittel kvar. Collins seier at ho skriv på denne måten grunna manusforfattar-bakgrunnen sin, som lærte henne å skrive i tre akter. Forfattaren sin førre serie, The Underland Chronicles, blei skriven på same måten. Collins er «veldig komfortabel» med denne strukturen. Ho ser på kvar gruppe med ni kapittel som ein eigen del av historia, og seier at ho fortsett kallar desse oppbrytingane «aktpausar.»[5]
Handling Endra
Bakgrunn Endra
Dødslekene-trilogien tek stad i ein uidentifisert framtidig tidsperiode etter øydelegginga av dagens nasjonar i Nord-Amerika, i ein nasjon kjend som "Panem". Panem består av eit enormt, rikt Capitol, som ligg i det som pla å vere Rocky Mountains, og tolv (tidlegare tretten) dårlegare distrikt rundt. Capitol er overdådig rikt og teknologisk futuristisk, men dei tolv distrikta er i varierande tilstander av fattigdom - trilogien sin forteljar og hovudperson, Katniss Everdeen, bur i det fattigaste, distrikt 12, tidlegare Appalachia, der mange døyr av svolt. Generasjonar tidlegare gjorde distrikta opprør mot Capitol, då tolv av distrikta blei slått ned av Capitol og det trettande vart øydelagt. Som straff må det kvart år loddtrekkjast éin gut og éi jente mellom tolv og atten år frå kvart av dei tolv distrikta, som så blir tvinga til å delta i "Dødslekene". Leikane er ei TV-hending der deltakarane, kalla "tributtar", må kjempe til døden i ein farleg utandørs arena til det berre står éin igjen. Formålet med Dødslekene er å gje underhaldning til Capitol sine innbyggjarar og for å åtvara distrikta mot Capitol si makt og minna dei på si mangel på anger.
Filmatisering Endra
- For meir om dette emnet, sjå filmserien Dødslekene.
Rettane til Dødslekene-filmane tilhøyrer Lionsgate Entertainment. Dødslekene kom ut 23. mars 2012,[6][7] og Opp i flammer kom ut 22. november 2013.[8][9]
Kjelder Endra
- ↑ "Mockingjay proves the Hunger Games is must-read literature". io9. 26 august 2010.
- ↑ Keith Staskiewicz (11. februar 2010). «Final 'Hunger Games' novel has been given a title and a cover». Entertainment Weekly.
- ↑ «Suzanne Collins's Third Book in the Hunger Games Trilogy to Be Published by Scholastic on August 24, 2010» (Press release). Scholastic. 3. desember 2009.
- ↑ «Suzanne Collins's Third Book in The Hunger Games Trilogy to be Published on August 24, 2010» (Press release). Scholastic. 3. desember 2009.
- ↑ Collins, Suzanne. Similarities To Underland (Video). (Interview). Scholastic Canada.
- ↑ Valby, Karen (25. januar 2011). «'The Hunger Games' gets release date». Entertainment Weekly.
- ↑ Hopkinson, Deborah. «Suzanne Collins Interview-Catching Fire». BookPage. Arkivert frå originalen 17. juli 2012.
- ↑ Nikki Finke (10. april 2012). «Gary Ross Decides NOT to Direct "Hunger Games Two: Catching Fire’: Lionsgate In ‘Shock’». Deadline.
- ↑ «9 Untold Secrets of the High Stakes 'Hunger Games'». The Hollywood Reporter. 1. februar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Dødslekene» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «The Hunger Games» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juli 2012.
Bakgrunnsstoff Endra
Dødslekene-trilogien
| |||
Hovudpersonar | |||
Katniss Everdeen | Peeta Mellark | Storm Hawthorne |