Dønnes Gård

gjestegard Dønna kommune i Nordland

Dønnes Gård er ein gjestegard som ligg på den nordlege delen av øya Dønna. Historia til garden strekkjer seg rundt 800 år tilbake i tid. Den fyrste skriftlege kjelda kor garden er nemnt er Snorres kongesoger. I 1675 kjøpte amtmannen Peder Tønder garden, og fekk adelsrettar. På 1700-talet var garden hovudsete i eit av Noregs største gods, Dønnesgodset. I fleire generasjonar blei den eigd og driven av Coldevin-slekta. Den fyrste frå denne slekta som dreiv garden, var Oberstløyntnant Isach Jørgen Coldevin. Han gifta seg til garden 1751. Etter dette gjekk garden i arv. Den siste arvtakaren i Coldevin-slekta heitte også Isach Jørgen Coldevin. Han måtte selje garden då den gjekk konkurs i 1911. Før det rakk dei å skaffe Noregs fyrste traktor, motorbåt, samt starte meieri og planteskule. I fleire generasjonar blei det også avla på kornsortar.

Dønnes Gård
Vegkrysset inn til Dønnes Gård

I dag blir garden driven av ekteparet Jens Andreas Carlsen og Tone Andersen. I 1996 starta dei opp med overnatting, og har sidan då utvida. Gjestegarden hadde offisiell opning i 2010. Dei tilbyr overnatting i store rom, som er restaurert i gamal stil. I tillegg kan gjestane få med seg foredrag om historia til garden, og trerettars middag i restauranten i fyrste etasje. Garden ligg i umiddelbar nærleik til Dønnes kyrkje, som er kåra til Nord-Noregs vakraste kyrkje av NRK Nordaførr sine lyttarar. Her kan også gjestane få omvising i sommarsesongen. I kyrkja er det eit mausoleum, der fleire av gardens tidlegare eigarar og familie ligg balsamert i kister. På garden er det to store hovudhus, eit sveitsarhus og eit nordlandshus. Per dags dato tilbyr garden overnatting i 6 dobbeltrom, samt ei familieleilegheit. Dønnes Gård kan også ta imot grupper på inntil 40 personar, og arrangere bryllaup, konfirmasjon, barnedåp etc. Dei tilbyr også møterom for kurs og konferansar.[1]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Dønnes Gård i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren