Dønnes kyrkje er ei steinkyrkje på Dønnes i Dønna sokn, innvigd like før 1200. Ho vart ombygd i 1866 og delvis restaurert på 1970-talet.

Dønnes kyrkje
Dønnes kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Nord-Helgeland
Sokn Dønna
Fellesråd Dønna
Type Langkyrkje
Material Stein
Innvigd Like før 1200
 - Endringar Påbygd kring 1550 og i 1865
Takryttar Laukkuppel
Preikestol Frå kring 1550
Altartavle Krusifiks frå mellomalderen
Sitjeplassar 250
Kart
Dønnes kyrkje
66°12′13″ N 12°35′15″ E

Dønnes kyrkje har eit gravkapell med 22 balsamerte lik. Dette var godseigarfamilien Coldevin sin familiegravstad fram til midten av 1800-talet.

Dønnes kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Dønna. Det er gudsteneste i denne kyrkja om lag annankvar søndag. I ein uhøgtidleg NRK-konkurranse vart ho desember 2006 kåra til den vakraste kyrkja i Nord-Noreg.

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre