62°05′37″N 07°57′26″E / 62.09361°N 7.95722°E / 62.09361; 7.95722

Døra er ein fjellpassasje som ligg midt i Reinheimen.

Heile Døra inneber:

  • Dør, ei døkt (mindre dal) mellom Høggøymen i vest og Dørkampen i aust.
  • Dørkampen. som er fjellet på austersida av Døra, og som har tre toppar som er blant dei høgste fjella i Noreg, nemleg Vestre, Austre og Austraste Dørkampen.
  • Dørbreen, ein smal bre langsmed vestersida av Døra, på Høggøymen.
  • Høggøymen, fjellet vest for Døra, der ligg Dørbreen.
  • Dørtjønni, blant anna vatnet i Døra, som renn nordover til Dørvatnet. Det er og tjønna innanfor, aust for Dørvatnet.
  • Dørvatnet er eit vatn i Tverrådalen, ein dal som ligg på tvers av Døra. Åa frå Dørvatnet renn vestover som Sprongi, går forbi Torsvatnet og renn saman med Tverråi, som kjem frå Torsvatnet og renn til Tora i Tordalen.

Administrasjon og eigarskap

endre

Området inngår i Reinheimen nasjonalpark og høyrer til Skjåk Almenning.