Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen nasjonalpark er ein nasjonalpark i fjellområdet Reinheimen med areal i Rauma, Norddal, Vågå, Lom, Skjåk og Lesja kommunar i Møre og Romsdal og Oppland fylke. Han vart oppretta i 2006.

Reinheimen nasjonalpark
nasjonalpark
Stigbotthornet.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland, Møre og Romsdal
Kommunar Lesja, Skjåk, Lom, Vågå, Norddal, Rauma
Areal 1 969 km²
Oppretta 24. november 2006
Tilknytte
verneområde
Romsdalen, Tafjorden-Reindalen, Trollstigen, Ottadalen, Finndalen, Lordalen
Wikimedia Commons: Reinheimen nasjonalpark
Reinheimen nasjonalpark

Omkring nasjonalparken ligg seks landskapsvernområde:[1]

Vern og brukEndra

Formålet med oppretting av Reinheimen nasjonalpark er å:

  • ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega fjellområde
  • ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald
  • ta vare på sentrale leveområde til villreinstammen i Ottadalen nord
  • ta vare på eit viktig referanseområde for forsking med ein aust-vest gradient med stor variasjonsbreidde i høve til geologi, klima, vegetasjon og topografi
  • ta vare på landskapsformer og særprega geologiske førekomstar
  • ta vare på vassdragsnaturen i området
  • verne om kulturminne.

Ålmenta skal ha tilgang til naturoppleving gjennom utøving av tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.

KjelderEndra