Dørk

(Omdirigert frå Dørken)

I ein båt eller eit skip er dørk golvet i eit rom under dekk, dvs. opphaldsrom i det indre av skipet. Øvste golvet utandørs er skipsdekket. Dørken i ei bestemd form tyder ofte fyretasjen, dvs. fyrrommet eller kjelerommet på eit skip. «Dørk» er lånt frå det lågtyske dork. Frå dette ordet er uttrykket Gå i dørken kjent - velter grunna eit slag eller ein drink.

Dørk på krigsskipet «Vasa» frå 1627.

Opphavleg tyding: Dørken, eit rom akter under arkeliet (arsenalet) i eit krigsskip, der artillerigodset er lagra i benker.

Dørkluka er akterluka på nedre dekk som går ned til dørken.

KjelderEndra

Georg Albrecht Koefoed Danske Søe Ord-bog anno 1783