DJ er ei forkorting for «disc jockey» som eigentleg tyder «plateryttar». Det norskifiserte ordet for discjockey er platepratar. Nemninga blir brukt om ein som vel ut og speler songar, anten med platespelarar, CD-spelarar eller på ein PC, i til dømes eit diskotek eller på radio, eller som blandar musikk laga av andre og lydar frå til dømes ein synthesizer for å skapa sin eigen musikk.

DJ i arbeid.

Ein art av DJ er VJ eller «video jockey». Denne nemninga vert brukt om personar som introduserar musikkvideoar i eit musikkprogram på fjernsyn, eller som speler musikkvideoar på storskjerm på utestader.