Musikkfestival

festival som krinsar om musikk

Musikkfestival er ein festival som i hovudsak er vigd musikk.

Frå Woodstockfestivalen.
Frå Roskildefestivalen 2003.

Musikkfestivalar er ofte konsentrerte om eitt tema eller éin musikktype eller sjanger. Dei legg ofte vekt på konsertar og kan omfatta tevlingar, men kan også vera vigd musikkutdanning på alle slags nivå.[1]

Historie endre

Musikk har utvilsamt vore knytt til høgtidar og samkome frå gamalt av. Frå antikken finst det døme på at musikarar kom saman og tevla om prisar i dei pythiske leikane,[2] som byrja på 500-talet f.Kr. I nyare tid oppstod musikkfestivalar i England på 1700-talet, då ein utvida konsertlivet i byane til ei sesongmessig kulturell hending strukturert kring ein konsertplan.[3] Frå 1950-talet har Sanremofestivalen blitt halden i Italia som ei tevling som også blei sendt på fjernsyn, slik at han både er den lengstlevande musikkfestivalen i dag[4] og eit av dei eldste fjernsynsprogramma.[5] Woodstockfestivalen i 1969 var ein av dei største musikkfestivalane, med over 460 000 tilskodarar, og er blitt ein kjend festival i rockehistoria.[6][7][8][9] Musikkfestivalar har utvikla seg til ei næring som kan ha stor tyding for lokal økonomi, til dømes tente Coachella Valley Music and Arts Festival inn 115 millionar dollar i 2017.[10]

Kjende musikkfestivalar endre

Pop/rock endre

Jazz/blues endre

Køntri/roots endre

Klassisk endre

Kjelder endre

  1. «Festivals of Music». Festivals of Music. Henta 17. august 2019. 
  2. «Pythian Games | Olympic, Athletic & Musical | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 29. januar 2024 
  3. Drummond, P (2016). The Provincial Music Festival in England, 1784–1914. London: Routledge. 
  4. «Most wins of the Sanremo Music Festival». Guinness World Records. Henta 21. januar 2022. 
  5. «Most wins of the Sanremo Music Festival». Guinness World Records. Henta 21. januar 2022. 
  6. «Music festivals: What's the world's biggest?». BBC News (på engelsk). 4. juli 2018. Henta 6. oktober 2022. 
  7. «Woodstock | The Biggest Music Festival in History». www.english-online.at. Henta 6. oktober 2022. 
  8. London, Luxury (6. juli 2021). «The most legendary music festivals of all time». Luxury London (på engelsk). Henta 6. oktober 2022. 
  9. «How Woodstock Became a Symbol of U.S. Counterculture • Madame Blue». themadameblue.com (på engelsk). 5. november 2021. Henta 4. oktober 2023. 
  10. «Coachella Grossed Record-Breaking $114 Million This Year: Exclusive». Billboard. 18. oktober 2017. Henta 27. mars 2020. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.