DS «Dølen»
DS «Dølen» var eit norsk dampskip bygt ved Akers mek. verksted i Kristiania i 1866. Det var bestilt av Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen. Initiativtakar var Oscar Wergeland frå Christianssand. Skipet gjekk i rutefart på Byglandsfjorden i Setesdal og var systerskip av DS «Bjoren».[1]
DS «Dølen» | ||||
---|---|---|---|---|
Karriere
|
||||
Type: | Dampbåt | |||
Reiarlag: | Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen (1866-1931), Olav Fransson Syrtveit (1931- | |||
Verft: | Akers mekaniske verksted | |||
Byggjenummer: | 34 | |||
Sett i teneste: | 1866 | |||
Jomfrutur: | Pinsen 1867 | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Tonnasje: | brt tonn | |||
Fart: | 12 knop (22 km/t) knop |
Historikk
endre«Dølen» blei sjøsatt i 1867. Det hadde endestasjon ved Næsset ved Bygland. Frå 1869 gjekk det til Ose. I 1897 fekk «Dølen» selskap av systerskipet «Bjoren» på Byglandsfjorden. «Bjoren» hadde i åra 1867-1897 trafikkert Kilefjorden. Men etter at Setesdalsbanen blei opna i 1896, blei det behov for meir trafikk på Byglandsfjorden. «Dølen» fekk ny salong i 1897 og blei forlenga med 8 fot i 1899.
Med legging av bilvegar frå 1920-talet byrja også trafikkgrunnlaget for dampskip i Byglandsfjorden å forsvinna. I 1931 blei Dampskibsaktieselskapet Bjoren og Dølen oppløyst og dampbåttrafikken lagt ned. Olav Fransson Syrtveit kjøpte båtane og starta opp med fart mellom Bygland og Byglandsfjord.[2] På 1950-talet var det heilt slutt.
DS «Dølen» blei hogd opp, medan DS «Bjoren» gjekk i opplag og forfall. Bjoren låg lenge som nedsokke vrak, før det på 1970-talet blei sett i gang ein aksjon for å berga det som var att av båten og få han restaurert.
Kjelder
endre- ↑ Dampskipene i Setesdalen, Avtrykk.no, 23.05.2017
- ↑ Byglands soge (Kristiansand, 1939), side 115
- Denne artikkelen bygger på «DS «Dølen»» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2020.