Akers mekaniske Verksted

(Omdirigert frå Akers mekaniske verksted)

Akers mekaniske Verksted, ofte forkorta Akers mek. Verksted eller berre Akers Mek., Akers-mek. og AmV, var ein mekanisk verkstad, seinare verft, oppretta ved Akerselva i Oslo i 1841.[1] Ein av grunnleggjarane var orlogskaptein Peter Severin Steenstrup, son til Poul Steenstrup.

Akers mekaniske Verksted i framgrunnen, der det no er Aker Brygge.
Tørrdokken på Akers mekaniske Versted i 1929
Foto: Anders Beer Wilse/Oslo Museum
Den vesle bygningen attmed Akerselva på Grünerløkka i Oslo som er i synt framgrunnen på dette notidsfotografiet, er staden for det opphavlege Akers mek. Verksted.

I 1854 flytta Akers mek. Verksted til Holmen på vestsida av Pipervika, til det området som no er komplekset Aker Brygge. Verksemda heldt fram med å bygga og vølte skip og utstyr fram til 1982 da det blei nedlagd, og bygde i den seinare tida dessutan oljeboringsplattformer i stål. Den store verkstadbygningen og nokre andre bygningar står der framleis i ombygd skapnad, elles er alt rive og erstatta med nye bygningar, plassar, kaier og staffasje som ikkje har noko med det gamle å gjere. Tørrdokken ligg òg der framleis, med innseglingsporten fjerna og permanent fylt med vatn som ein liten fjord eller kil.

Kjelder endre

  1. Knut Are Tvedt side 46

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Akers mekaniske Verksted
  Denne Osloartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.