Dag Seierstad

norsk politikar

Dag Seierstad (fødd 5. august 1936 i Oslo) er ein norsk SV-politikar og samfunnsdebatant. Han er far til journalist og forfatter Åsne Seierstad.

Dag Seierstad

Dag Seierstad under Trondheimskonferansen 2010
Foto: Jarle Vines
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1936 (87 år)
Oslo
Yrke politikar
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Ektefelle Frøydis Guldahl

Seierstad er utdanna fysikar og arbeidde ei rad år som amanuensis i samfunnspolitikk ved Høgskolen i Lillehammer.

I 1958 vart han med i Sosialistisk Studentlag. Han var medlem i SF frå starten i 1961 og sentralstyremedlem i perioden 1969-1973.

Seierstad var sentralstyremedlem i SV frå 1995-2005, og partiets førstekandidat i Oppland ved stortingsvala i 1993 og 1997.

Motstand mot EF og EU har vore kampsakene til Seierstad og han skriv artikler om EU i Klassekampen kva veke.

I november 2006 gav Pax forlag ut Festskrift for Dag Seierstad, som hadde samla ei rad av artiklane hans frå 1949 til i dag. I 2006 fekk han Neshornet, Klassekampens kulturpris. Under Nei til EUs landsmøte 10. november 2012, vart Seierstad utnemnd til organisasjonens første æresmedlem.

Kjelder

endre