Stortingsval er ei nemning på det demokratiske valet til den norske nasjonalforsamlinga Stortinget. Etter den andre verdskrigen har det vore stortingsval kvart fjerde år. To år etter stortingsvala er det kommune- og fylkestingsval. Samstundes med stortingsval er det sametingsval. Ved stortingsval utgjer kvart fylke eit valdistrikt. Frå kvart fylke kan det veljast eit visst tal stortingsrepresentantar. Kor mange representantar kvart fylke får velja vert rekna ut etter folketalet i fylket og geografiske omsyn. Fylke med liten folkesetnad og langt frå maktsentrumet i Oslo har fått høvesvis fleire representantar i Stortinget. I dei seinare vala har ei stemme i Finnmark fylke telt dobbelt så mykje som ei stemme i Akershus fylke eller Oslo. Ordninga har vorte kritisert på grunn av skeivdelinga i talet på stemmer ein representant må ha for å koma inn. For å bøta på skeivdelinga er det innført ei ordning med utjamningsmandat.

Stortingsval endre