Daglegvarekjeda Kiwi

norsk dagligvarekjede
(Omdirigert frå Daglegvarekjeden Kiwi)

Kiwi (stilisert som KIWI) er eit norsk kjedekonsept for sal av daglegvarer som blei starta i Hokksund i 1979.[1] Namnet på butikkjeda kjem frå etternamnet til gründerane Tor og Henning Kirkeng og Svein Wike, der dei to fyrste bokstavane i etternamna Kirkeng og Wike dannar KIWI.

Daglegvarekjeda Kiwi


En Kiwi-butikk i Danmark Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.975959171
BransjeDaglegvarehandel
Skipa1979
HovudkontorLierstranda
LandNoreg
Dagleg leiarPer-Erik Burud
Nettstadhttp://www.kiwi.no/ (norsk)

I 2008 hadde det vokse til den nest største daglegvarekjeda i Noreg målt i omsetning,[2] og var i 2011 den største i landet målt i talet på butikkar.[3] Kiwi er ein del av NorgesGruppen og hadde i februar 2018 652 butikkar i Noreg[4][5] og 103 butikkar i Danmark, men den 28. april 2017 blei alle Kiwibutikkane i Danmark lagt ned. I juli 2011 gjekk Jan Paul Bjørkøy inn i stillinga som konstituert Kiwi-sjef etter at den mangeårige leiaren Per-Erik Burud omkom i ei båtulykke på Tjøme.[6]

Omsetningsveksten til butikkjeda kan knyttast til fleire ulike kontinuerlege kampanjar der nokon var planlagt å vere kortvarige, men som sidan er utvida til faste kampanjar.[7] Kampanjane er haldbarheitsgaranti, bleieavtale, kvalitetsgaranti på frukt og grønt og «momskutt» på frukt og grønt. I 2009 lanserte kjeden kampanjen «Go'Helg», som også blei ein permanent ordning.

KIWI opererer med tre prisnivå: Kjente varemerker som er det dyraste alternativet, eit som er billigare med lågprismerke som Eldorado, Fiskemannen, Unik og Fersk & Ferdig, og til slutt det enda billigare alternativet First Price. Desse lavprismerka blir også brukt av dei andre butikkane til NorgesGruppen.

Opningstider endre

Dei fleste av butikkane har lange opningstider, og mange av butikkane som held ope frå 07:00 til 23:00 — seks dagar i veka. Nokre av butikkane har også ope på søndag.

Opning av nye butikkar endre

KIWI opna innan 2008 sine første butikkar i Danmark. Ved lanseringa var det strid om namnet, da den danske daglegvarekjeda Netto meinte at den var først ute i landet med å registrere «Kiwi» som varemerke.[2]

Kjelder endre

  1. Nysveen, Eirik Amb. «Blomster og bikuber på Kiwis nye miljøflaggskip». E24. Henta 2. januar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «MØTER MOTSTAND: Kiwi i dansk navnestrid». E24. 22. juni 2008. 
  3. Kongen av dagligvare, dt.no, 5. februar 2011]
  4. «Finn butikk». www.kiwi.no (på norsk bokmål). Henta 10. februar 2018. 
  5. «KIWI». www.kiwi.no (på norsk bokmål). Henta 10. februar 2018. 
  6. «Kiwi-sjef Per-Erik Burud er funnet». Aftenposten. 22.07.2011. Henta 31.03.2013. 
  7. «Fordeler og avtaler». kiwi.no. Arkivert frå originalen 25. juni 2014.