Selskapsform er måten ein ordnar ei verksemd på etter lokal selskapsrett. Nokre selskapsformer er aksjeselskap (AS), ansvarleg selskap (ANS), allmennaksjeselskap (ASA) og samvirkelag.[1] Fleire av selskapsformen har formelle krav verksemda må følgja.[1] Val av selskapsform har tyding for eigaransvar, krav om aksjekapital og statusen til verksemda som ein juridisk person. Det kan også ha tyding for dei sosiale rettane til dei tilsette i verksemda.[1]

Ein må skilja mellom selskapsform og verksemdorganisering. Organiseringa til ei verksemd (som konsern, konglomerat, morselskap, dotterselskap, indre selskap, skalselskap og stråselskap) skildrar korleis verksemda er strukturert, gjerne ut frå skatte- eller marknadsføringsomsyn, men har ikkje tydning for den juridiske statusen til verksemda.

Døme på selskapsformer

endre

Kjelder

endre