Dalmatius

romersk politikar

Flavius Dalmatius (d. 337),[1] ogå kjend som Dalmatius Caesar (namnet hans er ofte stava Delmatius på myntar i samtida), var ein cæsar i Romarriket frå 335 til 337. Han tilhøyrde det konstantinske dynastiet.

Dalmatius
Delmatius RIC VII 228 - 252913.jpg
Cæsar i Romarriket
Regjeringstid18. september 335–337
Fullt namnFlavius Dalmatius
Fødd4. hundreåret
Død337
Dynastidet konstantinske dynastiet
FarFlavius Dalmatius

Dalmatius var son av Flavius Dalmatius, ein halvbror av Konstantin den store som var censor. Dalmatius og broren Hannibalianus blei utdanna i Tolosa (Toulouse) av rhetoren Exuperius.

Delinga av Romarriket mellom cæsarane utnemnd av Konstantin den store: Frå vest til aust territoriar til Konstantin II, Konstans II, Dalmatius og Konstantius.

Den 18. september 335 blei han oppnemnd til cæsar av keisar Konstantin, med kontroll over Thrakia, Achaea og Macedonia. Konstantin den store døydde i mai 337, og Dalmatius delte kontroll over riket med dei tre sønenehans. På seinsommaren 337 blei Dalmatius drepen av sine eigne soldatar.

Det er mogleg at Dalmatius døydde i samband med den blodige valden innan keisarfamilien etter dødsfallet til Konstantin det store, og at det blei arrangert av keisarsonen Konstantius II for å rydda alle andre tronkrevjarar enn keisarsønene av banen.

KjelderEndra

Fotnotar
  1. Potter, David. (2008) Emperors of Rome: Imperial Rome from Julius Caesar to the last emperor. London: Quercus, p. 195. ISBN 9781847245526
Bibliografi