Dalneretsjensk
Dalneretsjensk Дальнереченск | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Dalneretsjensk |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | |
Grunnlagd Bystatus |
1894 1917 | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
108 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
28 283 261,9 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 69213X | |
Retningsnummer (tlf) | +7 423 56 | |
Bilnummer | 25, 125 |
Dalneretsjensk (russisk Дальнере́ченск) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg berre fem kilometer frå den kinesiske grensa, rundt 350 km nord for Vladivostok (vegavstand 430 km).
HistorieEndra
Byen vart grunnlagd av kosakkar i 1895 og han vart raskt eit tømmersenter på grunn av den storvokste gran- og furuskogen i området. Han fekk bystatus i 1917.
Byen vart opphavleg kalla Iman (russisk: Иман, koeransk 언만, Unman, kinesisk 伊曼, Yiman). Det russiske namnet vart endra til Dalneretsjensk (som tyder ein stad ved ei elv langt borte i 1972), som ein del av ein kampanje for å feste sovjetisk suverenitet i regionen. På kinesisk vert framleis namnet Yiman nytta.
Det er ein minnested i byen der grensevaktane som døydde under den kinesisk-sovjetiske grensekonflikta på Damanskijøya i 1969 er gravlagd.
KlimaEndra
Den årlege temperaturnormalen i byen er +1,5 °C. Temperaturnormalen i juli er +20,7 °C, i januar −17,7 °C.
Økonomi og næringslivEndra
Økonomien i byen er dominert av verksemder innan treforedling, som Primorskij DOK, JSC Dalneretsjenskij Lesokombinat og andre.
KjelderEndra
- Delar av denne artikkelen bygger på «Dalneretsjensk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.