Furu
Furu
Furu
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av furu
Utbreiinga av furu
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Underslekt: Pinus
Seksjon: Pinus
Art: Furu P. sylvestris
Vitskapleg namn
Pinus sylvestris

Furu, fure eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg,[1] er ein planteart i furuslekta (Pinus). Denne arten er den einaste naturleg viltveksande furuarten i Noreg.

UtbreiingEndra

 
Eksemplar av ei furugrein.

Furu finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh.; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.

UtsjånadEndra

Furua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.

Nålene er lange, og sit parvis i knippe.

BrukEndra

Furu er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.

Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.

AnnaEndra

I Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.

Ord for ‘furu’Endra

Sjå ògEndra

GalleriEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Ordet tolle f. i tydinga Pinus sylvestris er særleg registrert frå Nordmøre og Romsdalen i setelarkivet til Norsk ordbok, men finst òg belagt frå Trøndelag. På Helgeland blir ordet derimot bruka både om furu og gran.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Furu