Damask
Damask er fint mønstra stoff av silke, ull, bomull eller lin. Damask er som regel einsfarga vev, der mønsteret kjem fram ved matte og blanke flater. Dersom stoffet blir snudd vil mønsteret koma fram motsett. Damask har derfor inga eigenleg fram- eller bakside. Opphavleg viste omgrepet til praktstoff frå Damaskus. Ein bruker ofte stoffet til dukar, og til liv på bunad.
Damaskteknikken krev at ein set opp vevstolen på ein spesiell måte. Ofte blir det brukt ein eigen damaskvevstol. Det er måten ein vekslar mellom innslagstrådane og renningstrådane som gjev stoffet det særprega mønsteret.
Franskmannen Joseph Marie Jacquard fann på 1700-talet opp ein vevstol som var betre eigna til damaskvev. Vevstolen har fått namnet jacquard-vevstol etter han, og på fransk og engelsk blir damask kalla for jacquard. I dag kan ein framstilla damask rimeleg på data-drivne jacquardvevstolar.[1]
Galleri
endre-
Fransk damaskkjole frå 1720-talet.
-
Vest i damask frå 1845.
Kjelder
endre- ↑ Kadolph, Sara J., red.: Textiles, 10. utg., Pearson/Prentice-Hall, 2007, ISBN 0-13-118769-4, s. 251
- Kirsten Røvig Håberg: Tekstilhistorie, Tell forlag, 2000.
- Denne artikkelen bygger på «Damask» frå Wikipedia på bokmål, den 24. februar 2019.