Damascenstål

(Omdirigert frå Damaskusstål)

Damascenstål (damaskusstål) er nemningar på to ulike tilarbeidingsprosessar og stållegeringar for bruk i sverd, knivar og andre blankvåpen.[1]

Utsnitt av persisk sverd i damascenstål frå 1500-talet

Det opphavlege damascenstålet som vart framstilt og omsett i Austen blei brukt i vidgjetne damaskussverd som blei smidde i området rundt Damaskus i noverande Syria i perioden frå 500-talet til 1700-talet. Desse sverda var legendariske på grunn av styrken og skarpleiken sin. Historiske tekster seier at eit fallande tynt silkestykke ville delast av egga og at sverdet kunne bøyast 90 gradar utan å brekka eller bli verande skeivt.[2] Difor kunne sverda splitta andre sverd og til og med stein utan å bli øydelagde eller sløve. Sjølv om desse legendene er overdrivne var sverda klart overlegne samtidige blankvåpen frå andre område som til dømes blei brukte av krossfararane. Damaskussverd har ei karakteristisk mønstra overflate som liknar krusinger på vatn.

Knivblad med damaskert stål

Damascenstål eller damaskert stål er òg brukt som nemning på mønstersmidd knivstål (engelsk pattern welded), som er ein vanleg metode for framstilling av stålemne til knivar og sverd. Denne framstillingsmåten har vore brukt frå romertida, og b;eo vanleg i mellomalderen. Her legg ein vekselvis hardt (karbonrikt) og blautt stål saman i ein pakke og smisveisar dei saman. Pakken blir bretta og smidt ut i fleire omgangar slik at det ferdige emnet inneheld titals tynne lag med vekselvis blautt og hardt stål som gjev skarpleik og fleksibilitet. Spesielt når sverdet eller kniven blir syrebehandla trer det fram eit overflatemønster som kan minna om det eigentlege damascenstålet, og på grunn av legendene blei dette marknadsført med same nemning. Desse to prosessane er likevel ikkje nærskylde. Mønstersmidd stål var vanleg i gode sverd frå europeisk mellomalder, norrøne vikingsverd, og katanaer (japanske samuraisverd). Det bir framleis brukt for fine blankvåpen. Overflata på mønstersmidd stål blir ofte bølgjeaktig meir enn krusete som på det eigentlege damascenstålet, men her finst det òg gode etterligninger.

Kjelder endre

  1. «damascenerstål» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. John Verhoeven og Alfred Pendray (1998). «The Mystery of the Damascus Sword» (PDF). Muse (Vol 2, Number 2): 35-43. Arkivert frå originalen (PDF) 2. april 2007.