Koordinatar: 34°N 38°E

الجمهوريّة العربيّة السّوريّة
Al Jumhuriyat ul Arabiyat us Suriya
(Den arabiske republikken Syria)

(norsk: Syria, syrisk)

Det syriske flagget Det syriske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Geografisk plassering av Syria
Hovudstad Damaskus
Styresett
President
Statsminister
Sosialistisk arabisk republikk
Bashar al-Assad
Wael Nader al-Halqi
Flatevidd
 – Totalt
 
185 180 km² (88.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
18 028 549 (64.)
97,4 /km²
Sjølvstende
frå Frankrike
Erklært 1. januar 1944
Anerkjent 7. april, 1946
Nasjonaldag 17. april
BNP
 – Totalt (2014)
 – Per innbyggjar
 
55 800 mill. USD (103.)
5 400 USD (138.)
Valuta Syriske pund
Tidssone EET (UTC+2)



Den arabiske republikken Syria eller berre Syria (arabisk سوريا eller arabisk سورية, Sūriyā eller Sūrīyah) er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (Iskenderun) er omstridde. Hovudstad er Damaskus og er av dei eldste permanent busette byane i verda.[1] Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunni- og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.

Syria var tidlegare synonymt med Levanten (på arabisk kalla al-Sham) medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike, som Ebla-sivilisasjonen på 2000-talet fvt. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet og ein provinshovudstad i Mamelukk-sultanatet i Egypt.

Den moderne syriske staten vart grunnlagd etter fyrste verdskrigen som det franske mandatområdet, og var den største arabiske staten som kom fram frå det tidlegare osmansk-styrte arabiske Levanten. Landet fekk sjølvstende i april 1946, som ein parlamentarisk republikk. Perioden etter sjølvstendet var uroleg, og mange militærkupp og kuppforsøk herja landet i perioden 1949–1971. Mellom 1958 og 1961 gjekk Syria inn i ein kortvarig union med Egypt, som enda med eit militærkupp. Frå 1963 til 2011 var det unntakstilstand i landet, innbyggjarane var utan alt av rettsleg vern, og styreforma vert rekna som ikkje-demokratisk.[2] Bashar al-Assad har vore president sidan 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970 til 2000.[3]

Syria er berre medlem av ein internasjonal organisasjon utanom Dei sameinte nasjonane, Organisasjonen av alliansefrie nasjonar, og er for tida suspendert frå Den arabiske ligaen[4] og Organisasjonen for islamsk samarbeid,[5] og sjølvsuspendert frå Unionen for Middelhavet.[6] Sidan mars 2011 har Syria vore innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør (rekna som ein del av den arabiske våren, masserørsla av revolusjonar og protestar i den arabiske verda) mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Ei alternativ regjering vart danna av opposisjonen Nasjonalkoalisjonen av syriske revolusjons- og opposisjonskrefter, i mars 2012. Representantar av denne regjeringa vart invitert til å ta Syria sitt sete i Den arabiske ligaen.[7]

Etymologi endre

Namnet «Syria» kjem frå det gammalgreske namnet for syrarar, Sýrioi (gresk skrift Σύριοι) eller Sýroi (Σύροι), som grekarane nytta om assyrarar.[8][9] Fleire moderne forskarar hevdar at det greske ordet som er knytt til det kognate greske Ἀσσυρία, Assyria, opphavleg kom frå det akkadiske Aššur.[10] Andre meinte at det kom frå Siryon, namnet som folk frå Sidon gav Hermon.[11] Då ein oppdaga Çineköy-inskripsjonen i 2000 verka dette å støtte at omgrepet «Syria» kjem frå Assyria, som oppstod i nordlege delar av dagens Irak.

Området som ordet har omfatta har endra seg med tida. I antikken låg Syria i austenden av Middelhavet, mellom Arabia i sør og Vesleasia i nord, og strekte seg innover til delar av Irak, og hadde ei uviss grense i nordaust og Plinius den eldre skildrar området frå vest til aust som Kommagene, Sofene og Adiabene.[12]

På Plinius si tid hadde dette store Syria blitt delt inn i fleire provinsar under Romarriket (politisk sjølvstendige frå kvarandre): Iudaea, seinare omdøypt Palestina i 135 evt. (området som svarar til dagens Israel, det palestinske området og Jordan) heilt i sørvest, Fønikia som svarar til Libanon, med Damascena til det indre av Fønikia, Koilesyria sør for Eleutheris-elva og Irak.[13]

Historie endre

Den eldre antikken endre

 
Kvinneleg figur i Syria, 5000 fvt. Det antikke orientmuseet.
 
Yarim-Lim I av Yamhad var den mektigaste kongen i Levanten.

Frå kring 10 000 fvt. var Syria eit av sentera i kulturen i den yngre steinalderen, før-keramikktida, der jordbruk og kvegdrift dukka opp for første gong i historia. Den neste perioden i den yngre steinalderen er representert av rektangulære hus i Mureybet-kulturen. Folk nytta då reiskapar av stein, gips og brent kalk. Funn av reiskapar av obsidian frå Anatolia er bevis på tidlege handelssamband. Byane Hamoukar og Emar spelte ei viktig rolle i den seinare yngre steinalderen og bronsealderen. Arkeologar har synt at sivilisasjonen i Syria var ein av dei eldste på jorda, kanskje berre slått av dei i Mesopotamia.

Eblaittar og amorittar endre

For meir om dette emnet, sjå amorittar, Ebla, Yamhad og Mari i Syria.

Den tidlegare registrerte innfødde sivilisasjonen i regionen var bystaten Ebla[14] nær dagens Idlib, nord i Syria. Ebla vart truleg grunnlagd kring 3000 fvt.,[15] og bygde gradvis velstanden sin på handel med dei mesopotamiske statane Sumer, Assyria og Akkad, i tillegg til hurrittar og hattiar i nordvest, i Vesleasia.[16] Gåver frå faraoar som er funne under utgravingar, stadfestar at Ebla hadde kontakt med Egypt. Ein av dei tidlegare nedskrivne tekstane frå Syria er ein handelsavtale mellom vesir Ibrium av Ebla og kong Tudiya av Assyria kring 2250 fvt.[17] Forskarar trur at språket i Ebla er eit av dei eldste kjende nedskrivne semittiske språka etter akkadisk. Nyare klassifiseringar av eblaittisk har synt at det var eit austsemittisk språk, nært knytt til akkadisk,[18] då heile Syria vart ein del av det mesopotamiske Akkadiske riket etter erobringane til Sargon av Akkad som enda den eblaittiske sivilisasjon kring 2330 fvt.

Ebla vart gjenoppretta av kanaanittisktalande amorittar, som dominerte mykje av Syria frå 2000-talet fvt., sjølv om delar av Syria var okkupert av Assyria og Babylonia på 1800- og 1700-talet fvt.. Babylonia vart grunnlagde av amorittar frå Syria og Syria vart kalla Landet til Amurru (amorittar) av naboane sine i Assyria og Babylonia.

Byen Mari dukka opp i denne tida og vart ein rival til Ebla før han vart erobra av Hammurabi av Babylon. Ugarit vart òg grunnlagd på denne tida, kring 1800 fvt., i nærleiken av dagens Latakia. Ugarittisk var eit semittisk språk som var laust knytt til kanaanittiske språk, og utvika ugarittisk skrift, det første alfabetet i historia.[19] Det ugarittiske kongedømet overlevde fram til det vart øydelagd av plyndrande indoeuropeiske havfolk på 1100-talet fvt.

Yamhad (dagens Aleppo) vart skildra i tavlene frå Mari som den mektigaste staten i det nære austen og skal ha hatt fleire vasallar enn Hammurabi av Babylon.[20] Yamhad dominerte nord i Syria i to hundreår,[21] og tok makta over Alalakh,[22] Qatna[23] og Eufratdalen ned til grensa med Babylon,[24] og hæren til Yamhad drog så langt bort som Dēr ved grensa til Elam (dagens Iran),[25] Yamhad vart erobra og øydelagd i lag med Ebla av indoeuropeiske hettittar frå Vesleasia kring 1600 fvt.[26]

Frå den tida vart Syria ei slagmark for forskjellige utanlandske rike, hettittar-riket, Mitanni-riket, Det nye riket i Egypt, Det midtassyriske riket, og til ein mindre grad Babylonia. Egyptarane okkuperte i starten mykje i sør, medan hettittane, og Mitanni, okkuperte mykje i nord. Assyria fekk etter kvart overtaket, øydela Mitanni-riket, og annekterte dei enorme områda som hettittane og Babylon tidlegare hadde hatt. Mellom 1365 og 1020 fvt. vart Aust-Syria stort sett ein del av Det midtassyriske riket.[27] medan det vestlege område vart verande ein del av riket til hettittane fram til det vart øydelagd.[28]

Aramearar og fønikiarar endre

For meir om dette emnet, sjå aramearar, syrisk-hettittiske statar og Fønikia.
 
Den egyptiske faraoen Rameses II stormar den hittitiske festninga i Dapur, 1269 fvt.
 
Relieff frå Tel Halaf datert til kongedømet til Bit Bahiani.

Kring 1300-talet fvt. dukka forskjellige semittiske folk opp i området, som halvnomadiske sutearar som kom i ein konflikt med Babylonia i aust, og vestsemittisk-talande aramearar som tok over etter dei tidlegare amorittane. Dei vart òg underlagt Assyria og hettittane i fleire hundreår. Egyptarane kjempa mot hettittane for å få kontroll over det vestlege Syria, og kampane nådde ein topp i 1274 fvt. med slaget ved Kadesh.[29][30]

Då hettittane var øydelagd og Assyria vart svakare seint på 1000-talet fvt., tok arameiske folk kontroll over dei indre områda, og danna statar som Bit Bahiani, Aram-Damaskus, Hamath, Aram-Rehob, Aram-Naharaim og Luhuti. Frå den tida vart regionen kalla Aramea eller Aram. Det vart òg ein syntese mellom semittiske aramearar og restane av dei indoeuropeiske hettittane då fleire syrisk-hettitiske statar vart grunnlagde nord i det sentrale Aram (Syria) og sør i det sentrale Vesleasia (dagens Tyrkia) som Karkemisj og Sam'al.

Ei kanaanittisk gruppe kjend som fønikiarar skulle kome til å dominere kystområda av Syria (og Libanon og det sørvestlege Tyrkia) frå 1200-talet fvt., og grunnla bystatar som Amrit, Simyra, Arwad, Paltos, Ramitha og Shuksi. Frå desse kystområda dominerte dei etter kvart store delar av Middelhavet, og bygde koloniar på Malta, Sicilia, Den iberiske halvøya (dagens Spania og Portugal), kysten av Nord-Afrika, og viktigast av alt, grunnla den store bystaten Kartago (i dagens Tunisia) på 800-talet fvt. som seinare vart senter i eit stort rike som kjempa mot Romarriket.

Syria og heile Det nære austen kom så inn under det enorme Nyassyriske riket (911 fvt.-605 fvt.). Assyrarane innførte gammelarameisk som lingua franca i riket sitt. Dette språket vart verande det dominerande i Syria og heile Det nære austen fram til den arabiske islamske erobringa på 600- og 700-talet evt., og var ein reiskap i å spreie kristendom. Assyrarane kalla koloniane sine i Syria og Libanon Eber-Nari. Det assyriske herredømet enda då assyrarane svekka seg sjølv i ei rekkje brutale borgarkrigar etterfølgd av eit samla åtak frå ein koalisjon av dei tidlegare folkegruppene dei rådde over, som medarar, babylonarar, kaldearar, persarar, skytarar og kimmeriarar. Då Assyria fall herja og plyndra skytarane mykje av Syria. Den siste skansen til den assyriske hæren var ved Karkemisj nord i Syria i 605 fvt.

Det assyriske riket vart etterfølgd av Det nybabylonske riket (605 fvt.-539 fvt.), og i denne perioden vart Syria ei slagmark mellom Babylonia og ein annan tidlegare assyrisk koloni, Egypt. Babylonarane sigra, som assyrarane gjorde, over Egypt.

Antikken endre

 
Den antikke byen Palmyra.

Akamenide-persarar tok Syria frå Babylonia som ein del av hegemoniet deira over Sørvest-Asia i 539 fvt. Persarane, som i fire hundreår hadde vore under assyrisk styre, heldt på gammelarameisk som språk for Akamenide-riket (539 fvt.- 330 fvt.) og det assyriske namnet, Eber-Nari, på satrapien Aram/Syria.

Syria vart erobra av det greske Makedonske riket styrt av Aleksander den store kring 330 fvt., og vart så provinsen Koilesyria i det greske Selevkideriket (323 fvt. - 64 fvt.).

Det var grekarane som introduserte namnet «Syria» til regionen. Opphavleg var det ei indoeuropeisk forvansking av «Assyria» i det nordlege Mesopotamia, og grekarane nytta ikkje berre dette omgrepet til å skildre sjølve Assyria, men òg landområda i vest, som i hundreår hadde vore under assyrisk herredøme.[31] Så i den gresk-romerske verda vart både aramearane i Syria og assyrarane i Mesopotamia i aust kalla «syrarar», trass i at dette var forskjellige folk.

Palmyra var eit rikt og stundom mektig arameiske kongedøme som dukka opp nord i Syria på 300-talet fvt., sjølvstendig frå grekarane. Etter kvart vart delar av det sørlege selevkidiske Syria teken av judeiske hasmonarar då det hellenistiske riket sakte vart oppløyst.

Syria kom ei kort stund under armensk kontroll frå 83 fvt., med erobringa til Tigranes den store, som vart teken imot som ein frelsar frå selevkidane og romarane av sitt eige folk. Armenarane heldt kontroll over Syria i to tiår før dei vart driven ut av romarane.

 
Romersk teater i Bosra i provinsen Arabia, i dagens Syria

Pompeius av Romarriket, som erobra Antiokia i 64 fvt., gjorde Syria om til ein romersk provins. Palmyra vart igjen stort sett sjølvstendig, og seint på 200-talet evt. vart det senteret i det kortvarige Palmyrenske riket, som ei kort stund erobra Egypt, Syria, Palestina, mykje av Vesleasia, Judea og Libanon, før det kom under romersk kontroll i 273 evt.

Det nordlege mesopotamisk-assyriske kongedømet Adiabene kontrollerte områda i det nordaustlege Syria mellom 10 evt. og 117 evt., før det vart erobra av Roma.[32]

Syria gjekk etter kvart over frå romersk kontroll til bysantinarane, då Romarriket vart delt.[16]

Den store arameisktalande folkesetnaden i Syria i glansperioden til riket vart truleg ikkje overgått igjen før på 1800-talet. Størstedelen av folkesetnaden var aramearar, men Syria var òg heimstaden til greske og romerske herskarklassar, assyrarane budde i nordaust, fønikarane langs kysten, og eit jødisk samfunn fanst òg, medan nabatearar og førislamske arabarar som lakhmidar gjekk inn i ørkenane sør i Syria. Den store og velståande folkesetnaden i Syria var ein av dei viktigaste i dei romerske provinsane, særleg på 100- og 200-talet evt.[33]

Den romerske keisaren Alexander Severus, som var keisar frå 222 til 235, var ein aramear frå Syria. Syskenbornet hans Heliogabalus, som var keisar frå 218 til 222, var òg frå Syria og familien hans heldt arverettar til ypparstepresteembetet av den arameiske solguden El-Gabal ved Emesa (dagens Homs) i Syria. Ein annan romersk keisar som var syrar var Filip Arabaren (Marcus Julius Philippus), som var keisar frå 244 til 249.[33]

Syria er viktig i historia til kristendommen. Saulus frå Tarsus, betre kjend som apostelen Paulus, vart omvendt på vegen til Damaskus og vart ein viktig person i den kristne kyrkja i Antiokia i det gamle Syria, og det frå her han la ut på dei mange misjonsreisene sine.(Apg 9, 1-43)

Mellomalderen endre

Islamsk Syria (al-Sham) endre

For meir om dette emnet, sjå Bilad al-Sham.
 
Freske frå Qasr al-Hayr al-Gharbî, bygt tidleg på 600-talet

Ved 640 evt. vart Syria erobra av den arabiske Rashidun-armeen leia av Khalid ibn al-Walid. Midt på 600-talet plasserte Umayyade-kalifatet, som då styrte riket, hovudstaden til heile riket i Damaskus. Riket mista mykje makt mot slutten av Umayyadestyret, hovudsakleg på grunn av diktatur, korrupsjon og opprør frå dei undertrykte. Umayyade-kalifatet vart så styrta i 750 av abbasidane, som flytta hovudstaden i riket til Bagdad.

Arabisk vart offisielt språk under Umayyadestyret og vart det dominerande språket, og erstatta gresk og arameisk i abbaside-tida. I 887 annekterte dei Egypt-baserte tūlūnidane Syria frå abbasidane, og vart seinare erstatta av iḫšididane og seinare av hamdānidane frå Aleppo, som vart grunnlagd av Sayf al-Dawla.[34]

Krossfararar, ajjubidane og mamelukkane endre

 
Slaget ved Wadi al-Khazandar i 1299. Mongolane under Ghazan slo mamelukkane.

Delar av Syria vart haldne av franske, engelske, italienske og tyske overherrar mellom 1098 og 1189 evt. under krosstoga, og vart samla sett kalla Krossfararstatane. Den største av desse i Syria var Fyrstedømet Antiokia.

Området var òg trua av sjiaekstremistar kalla assasinar (Hassassin). Etter eit hundreår med seldsjukkar-styret i Syria vart det meste erobra (1175-1185) av den kurdiske krigsherren Saladin, som grunnla Ajjubide-dynastiet i Egypt. Aleppo fall til mongolane med Hulegu i januar 1260, og Damaskus i mars, men så vart Hulegu tvungen til å avbryte åtaket sitt og reise attende til Kina for å ta seg av ein arvefølgjestrid.

Nokre månader seinare kom mamelukkane med ein arme frå Egypt og slo mongolane i slaget ved Ain Jalut i Galilea. Mamlukk-leiaren Baibars gjorde Damaskus til ein provinshovudstad. Då han døydde tok Qalawun over makta. I mellomtida hadde ein emir kalla Sunqur al-Ashqar prøvde å erklære seg sjølv som herskar over Damaskus, men han vart slått av Qalawun den 21. juni 1280, og flykta nord i Syria. Al-Ashqar, som hadde gifta seg med ei mongolsk kvinne, bad om hjelp frå mongolane. Mongolane frå Ilkhanatet tok byen, men Qalawun overtydde Al-Ashqar til å bli med han, og saman kjempa dei mot mongolane den 29. oktober 1281 i det andre slaget ved Homs, som mamelukkane vann.[35]

I 1400 invaderte den muslimske tyrkisk-mongolske erobraren Timur Lenk Syria, plyndra Aleppo og erobra Damaskus etter å ha slått mamelukk-hæren. Innbyggjarane i byen vart massakrerte, utanom handverkarane, som vart deporterte til Samarkand. Timur-Lenk massakrerte òg spesifikt arameiske og assyrisk kristne folkesetnader, og reduserte desse gruppene kraftig.[36][37] Mot slutten av 1400-talet vart det oppdaga ei sjørute frå Europa til Det fjerne austen og behovet for ein handelsveg over land, som gjekk gjennom Syria, minka.

Osmanske Syria endre

For meir om dette emnet, sjå Osmanske Syria.
 
Syrisk kvinne, 1683

I 1516 invaderte Det osmanske riket Mamlukk-sultanatet til Egypt, erobra Syria, og innlemma det i riket sitt. Det osmanske systemet var ikkje tyngande for syrarane fordi tyrkarane respekterte arabisk som språk i Koranen og aksepterte trua deira. Damaskus vart ein viktig by på veg til Mekka, og fekk slik ein heilag karakter for muslimane, på grunn av alle fordelane som følgde då tallause pilegrimar passerte gjennom byen under hajj, pilegrimsreisa til Mekka.[38]

Den osmanske administrasjonen følgde eit unikt system som førte til ei fredful tid. Dei etnoreligiøse minoritetane — arabiske sjiamuslimar, arabiske sunnimuslimar, arameisk-gammalsyrisk ortodokse, gresk ortodokse, maronittisk kristne, assyrisk kristne, armenarar, kurdarar og jødar — utgjorde ein millet.[39] Dei religiøse overhovuda i kvart samfunn administrerte alle personlege statuslover og utførte visse sivile funksjonar i tillegg.[38] I 1831 braut Ibrahim pasja av Egypt med riket og gjekk inn i Osmansk Syria og erobra Damaskus. Det kortvarige styret hans i området prøvde å endre dei demografiske og samfunnsmessige strukturane. Han førte inn tusenvis av egyptarar for å busetje slettene i Sør-Syria, bygde opp att Jaffa og busette byen med egyptiske soldat-veteranar i eit forsøk på å gjere byen til ein regionshovudstad. Han slo ned opprør frå bøndene og drusarane og deporterte ikkje-lojale stammemedlemmar. I 1840 måtte han likevel gje området attende til osmanarane.

Frå 1864 vart reformene til Tanzimat påført i Osmansk Syria, og provinsane (vilayetane) Aleppo, Zor, Beirut og Damaskus vilayet vart oppretta. Mutasarrifatet Libanon vart òg oppretta og kort tid etter fekk mutasarrifatet Jerusalem ein eigen status.

Under fyrste verdskrigen gjekk Det osmanske riket inn i krigen på Tyskland og Austerrike-Ungarn si side. Då dei tapte krigen mista osmanarane kontroll over heile Det nære austen til Det britiske og Det franske imperiet. I løpet av krigen utførte osmanarane og deira allierte det armenske og det assyriske folkemordet. Deir ez-Zor i Osmansk Syria var den siste staden dette vart utført.[40] Midt under fyrste verdskrigen danna to allierte diplomatar (franskmannen François Georges-Picot og briten Mark Sykes) i løyndom ein avtale om å dele Det osmanske riket i to soner etter krigen, ein avtale frå 1916 kalla Sykes-Picot-avtalen. I starten var dei to territoria delte av ei grense som gjekk nesten i ei rett linje frå Jordan til Iran. Men då det vart oppdaga olje i regionen Mosul like før krigen var over, førte dette til ei ny forhandling med Frankrike i 1918 om å avstå denne regionen til 'Sone B', eller den britiske sonen. Denne grensa vart seinare internasjonalt anerkjend då Syria vart eit mandat i Folkeforbundet i 1920[41] og har den dag i dag ikkje endra seg.

Fransk mandat endre

For meir om dette emnet, sjå Mandatområdet i Libanon.
 
Innviinga av president Hashim al-Atassi i 1936.

I 1920 vart det kortvarige, sjølvstendige kongedømet Syria oppretta under Faisal I frå hasjemitt-familien. Styret hans over Syria enda etter berre få månader, etter slaget ved Maysalun. Franske soldatar okkuperte Syria seinare det året etter at San Remo-konferansen foreslo at Folkeforbundet skulle setje Syria under eit fransk mandat.[42]

I 1925 leia sultan al-Atrash eit opprør som braut ut i Jabal al-Druze og spreidde seg til heile Syria og delar av Libanon. Al-Atrash vann fleire slag mot franskmennene, mellom anna slaget ved al-Kafr den 21. juli 1925, slaget ved al-Mazraa den 2–3. august 1925, og slaga ved Salkhad, al-Musayfirah og Suwayda. Frankrike sendte tusenvis av soldatar frå Marokko og Senegal, og franskmennene tok attende mange byar, men motstanden varte fram til våren 1927. Franskmennene dømde sultan al-Atrash til døden, men han klarte å røme med opprørarane til Transjordan og vart sidan benåda. Han kom attende til Syria i 1937 etter at den syrisk-franske avtalen vart underskriven.

Syria og Frankrike forhandla ein sjølvstendeavtale i september 1936, og Hashim al-Atassi vart den første presidenten som vart vald under den første inkarnasjonen av den moderne republikken Syria. Avtalen tredde likevel aldri i kraft fordi dei franske styresmaktene nekta å ratifisere avtalen. Då Frankrike fall i 1940 under andre verdskrigen kom Syria under Vichy-Frankrike sin kontroll fram til britane og frie franskmenn okkuperte landet i det syrisk-libanesiske felttoget i juli 1941. Stadig press frå syriske nasjonalistar og og britane, tvang franskmennene til å evakuere soldatane sine i april 1946, og landet vart overgjeve til eit republikansk styre som hadde oppstått under mandatet.[43]

Den sjølvstendige republikken Syria endre

 
Aleppo i 1961

Uro dominerte syrisk politikk frå sjølvstendet til seint i 1960-åra. I 1948 var Syria involvert i den arabisk-israelske krigen, og stilte seg på sida av andre lokale arabiske statar i forsøket på å hindre opprettinga av staten Israel.[44] Nederlaget i denne krigen var ein av fleire faktorar som førte til det syriske statskuppet mars 1949 av oberst Husni al-Za'im, som er kalla det første militærkuppet i den arabiske verda[44] sidan starten på den andre verdskrigen. Dette vart raskt etterfølgd av eit nytt militærkupp av oberst Sami al-Hinnawi, som igjen vart raskt avsett av oberst Adib Shishakli, alle i løpet av det same året.[44]

Shishakli avskaffa etter kvart fleirpartipolitikken heilt, men vart sjølv styrta i 1954-kuppet og det parlamentariske systemet vart innført på ny.[44] På denne tida vart makta i stadig aukande grad konsentrert i militær- og tryggingsverksemder.[44] Svekkinga av parlamentariske institusjonar og misstyring av økonomien førte til uro og påverknad frå nasserisme og andre ideologiar. Det var grobotn for forskjellige arabiske nasjonalistar, syriske nasjonalistar og samfunnsrørsler som representerte misnøgde element i samfunnet. Av desse fann ein religiøse minoritetar som kravde radikale reformer.[44]

Som eit direkte resultat av Suezkrisa[45] signerte Syria i november 1956 ein avtale med Sovjetunionen. Dette gav eit fotfeste for kommunisme i statsmakta i byte mot militært utstyr.[44] Tyrkia vart så uroa over den aukande militærteknologien til Syria, sidan det no var mogeleg for Syria å prøve og ta attende İskenderun. Berre hissige debattar i Dei sameinte nasjonane la ein dempar på krigstrugselen.[46]

Den 1. februar 1958 annonserte den syriske presidenten Shukri al-Quwatli og president Nasser i Egypt at dei to nasjonane Egypt og Syria vart slått saman, og danna Den sameinte arabiske republikken, og alle syriske politiske parti, mellom anna det kommunistiske, stoppa med synlege aktivitetar.[43] Samstundes var ei gruppe av syriske Ba'athist-offiserar uroa over den dårlege stillinga til partiet, og den stadig meir skrøpelege unionen, og valde å danna ein hemmeleg militær komite. Dei første medlemmane var oberstløytnant Muhammad Umran, major Salah Jadid og kaptein Hafez al-Assad. Då Syria vart fråskild Egypt den 28. september 1961 førte den påfølgjande ustabiliteten til kuppet 8. mars 1963. Overtakinga vart styrt av medlemmar av Det syriske Ba'ath-partiet, leia av Michel Aflaq og Salah al-Din al-Bitar. Det nye kabinettet var dominert av Ba'ath-medlemmar.[43][44]

Ba'athist-Syria endre

 
Hafez al-Assad helsar på Richard Nixon då han landa i Damaskus i 1974.

Den 23. februar 1966 styrta militærkomiteen partiet sitt, fengsla president Amin Hafiz og sette inn ei regionalistisk, sivil Ba'ath-regjering den 1. mars.[44] Sjølv om Nureddin al-Atassi vart den formelle statsleiaren, var Salah Jadid i røynda herskar frå 1966 til 1970.[47] Kuppet førte til ei splitting mellom det opphavlege pan-arabiske Ba'ath-partiet: ei irakisk-leia ba'ath-rørsle (styrte Irak frå 1968 til 2003) og ei syrisk-leia ba'ath-rørsle vart oppretta.

I starten av 1967 var det ein lågmælt krigstilstand mellom Syria og Israel. Terroristar gjorde dusenvis av forsøk på å inflitrere Israel, og den syriske hæren bombarderte israelske landsbyar ved fleire høve, og framprovoserte gjengjeldande eld frå Israel. Då Israel starta å dyrke av land i den demilitariserte sonen førte dette til flysamanstøytar den 7. april mellom Israel og Syria.[48] Etter at Israel gjekk til eit førebyggande åtak mot Egypt og starta seksdagarskrigen i juni 1967, vart Syria med i striden mot Israel. Dei siste dagane av krigen vendte Israel seg mot Syria, og erobra to tredjedelar av Golanhøgdene på under 48 timar.[49] Nederlaget førte til at Jadid og Assad vart usamde om kva dei skulle gjere no.[50]

 
Landsbyen Quneitra var stort sett øydelagd før israelarane trekte seg attende i juni 1974.

Usemja utvikla seg mellom Jadid, som kontrollerte partiapparatet, og Assad, som kontrollerte militæret. Då syriske styrkar som vart sendt for å hjelpe PLO under «Svart september»-striden med Jordan, vart trekt attende i 1970 var det eit teikn på denne usemja.[51] Maktkampen kulminerte i november 1970 med korrekturrørsla, eit blodlaust militærkupp som sette Hafez al-Assad inn som tyrann i regjeringa.[52]

Den 6. oktober 1973 starta Syria og Egypt Yom Kippur-krigen mot Israel. Det israelske forsvaret slo tilbake det syriske åtaket og pressa dei djupt inn i syrisk område.[53]

Tidleg i 1976 gjekk Syria inn i Libanon og starta ein tretti år lang syrisk okkupasjon. Dei neste 15 år med borgarkrig, kjempa Syria om kontroll over Libanon, og forsøkte å stoppe Israel frå å ta over i det sørlige Libanon ved hjelp av omfattande bruk av militsar. Syria hadde kontroll over Libanon fram til 2005.

Seint i 1970-åra oppstod det eit islamistopprør frå det muslimske brorskapet retta mot regjeringa. Islamistane gjekk til åtak på sivile og militære som ikkje var i teneste, noko som fekk leiande tryggingsstyrkar til å drepe sivile i eit hemnåtak. Opprøret nådde eit høgdepunkt i 1982 med Hama-massakren,[54] då kring 10 000–40 000 menneske vart drepne av den syriske hæren.

I ei stor endring i forholdet med både andre arabiske statar og den vestlege verda, deltok Syria i den USA-leia Golfkrigen mot Saddam Hussein. Syria deltok i den multilaterale Madridkonferansen i 1991, og i 1990-åra gjekk Syria inn i forhandlingar med Israel. Desse forhandlingane var mislukka og det har ikkje vore fleire direkte samtalar mellom Syria og Israel sidan president Hafez al-Assad møtte den dåverande presidenten Bill Clinton i Geneve i mars 2000.[55]

 
Den noverande militærsituasjonen i Syria.
██ Kontrollert av den syriske regjeringa██ Kontrollert av kurdiske styrkar██ Kontrollert av ISIS-styrkar██ Kontrollert av opposisjonen

Hafez al-Assad døydde den 10. juni 2000. Sonen hans, Bashar al-Assad, vart vald til president i eit val der han stilte utan motstandarar.[43] Presidentvalet var starten på Damaskusvåren og håp om reformer, men hausten 2001 undertrykte styresmaktene rørsla og fengsla fleire av dei leiande intellektuelle.[56] I staden vart reformene avgrensa til somme marknadsreformer.[3][57][58]

Den 5. oktober 2003 bomba Israel ein stad nær Damaskus, og hevda det var eit treningsanlegg for terroristar for medlemmar av Islamsk jihad.[59] I mars 2004 støytte syriske kurdarar og arabarar saman i den nordaustlege byen al-Qamishli. Teikn på opprør fanst òg i byane Qameshli og Hassakeh.[60] I 2005 enda Syria okkupasjonen av Libanon.[61] Den 6. september 2007 utførte israelske kampfly operasjon Orchard mot det dei meinte var ein atomreaktor under bygging av nordkoreanske ingeniørar.[62]

Den pågåande syriske borgarkrigen var inspirert av den arabiske våren. Han byrja i 2011 som ei rekkje fredelege protestar, etterfølgd av eit hardt åtak frå den syriske hæren.[63] I juli 2011 erklærte avhopparar frå hæren at dei hadde danna den frie syriske hæren og byrja å danna kampeiningar. Oppsosjonen er dominert av sunnimuslimar, medan dei leiande personane i regjeringa er alawittar.[64] I følgje forskjellige kjelder, mellom anna Dei sameinte nasjonane, har opp mot 100 000 menneske vorte drepne,[65][66][67] mellom anna 11 000 born.[68] For å sleppe unna valdshandlingane har over 4,9 millionar syrarar[69] flykta til nabolanda Jordan,[70] Irak,[71] Libanon og Tyrkia.[72][73] Det er estimert at 450 000 syriske kristne har flykta frå heimane sine.[74] Etter kvart som borgarkrigen har vart, er det vorte reist spørsmål ved om landet ikkje lenger fungerer som ein stat og kjem til å dela seg opp i mindre einingar.[75]

Geografi endre

For meir om dette emnet, sjå Syrisk geografi.
 
Burj Islam, ei kjend strand like nord for Latakia.

Syria ligg mellom breiddegradene 32° og 38° N, og lengdegradene 35° og 43° E. Landet består hovudsakleg av tørre platå, sjølv om områda nordvest i landet, i nærleiken av Middelhavet er forholdsvis grønt. Den nordaustlege delen av landet, «Al Jazira» og den sørlege «Hawran» er viktige jordbruksområde.[76] Eufrat er den viktigaste elva i Syria og kryssar landet i aust. Landet vert rekna som ein av 15 statar som dannar ein del av den såkalla «sivilisasjons vogge».[77]

Petroleum i kommersielle mengder vart først oppdaga i nordaust i 1956. Dei viktigaste oljefelta er Suwaydiyah, Qaratshui, Rumayian og Tayyem, nær Dayr az–Zawr. Felta er ei naturleg forlenging av dei irakiske felta i Mosul og Kirkuk. Petroleum vart den viktigaste naturressursen til Syria og den største eksportvaren etter 1974. Det vart oppdaga naturgass ved feltet Jbessa i 1940.[43]

Klima endre

Klimaet i Syria er eit samandrag av klimaet i heile Midtausten. Langs kysten i nordvest har ein middelhavsklima, medan områda aust for fjellområda nær kysten er ørkenområde. Damaskus er ein del av den fruktbare halvmånen, som er ei overgangssone nær grensa til Libanon, med akkurat nok fukt til at ein kan drive jordbruk. Vinteren er kjølig i fjellområda og på det nordlege platået med regn ein til to gonger i veka. Ein kan i tillegg få snø eit par gonger i året i Damaskus. Frå juni til august har ein derimot ikkje regn i det heile tatt. Denne perioden er òg varm om dagen, men nettene er forholdsvis kjølige, bortsett frå i ørkenområda der til og med nattetemperaturane er ubehagelege høge midt på sommaren. I ørkenområda kan ein få regn av og til om vinteren, og i somme tilfelle til og med snø.

Politikk og styre endre

 
Den syriske regjeringa midt på 1900-talet.

Syria er ein einingsrepublikk. Presidenten er statsleiaren og statsministeren er regjeringssjef.[78] Folkerådet er ansvarleg for å vedta lover, godkjenne statsbudsjett og debattere politikk.[79] Om det skulle oppstå eit mistillitsvotum av eit simpelt fleirtal, må statsministeren tilby å tre av føre presidenten.[80]

Den utøvande makta består av presidenten, to visepresidentar, statsministeren, og Ministerrådet (kabinettet). Grunnlova krev at presidenten er muslim[81], men gjer ikkje islam til statsreligion.

Grunnlova gjev presidenten rett til å utpeike ministrar, erklære krig og unntakstilstand, utstede lover (utanom når det er unntakstilstand då dette krev ei ratifisering frå Folkerådet), erklære amnesti, endre grunnlova, og utpeike embetsmenn og militærpersonell.[82] I følgje grunnlova frå 2012 kan presidenten veljast av syriske borgarar i eit direkte val.

Den lovgjevande makta i Syria er det eittkamra Folkerådet. Under den tidlegare grunnlova, hadde ikkje Syria fleirpartival for lovgjevingsmakta,[82] med to tredjedelar av setene automatisk avsett til den styrande koalisjonen.[83] Den 7. mai 2012 heldt Syria dei første vala sine der parti utanfor den styrande koalisjonen kunne delta. Sju nye politiske parti tok del i valet, der Folkefronten for endring og frigjering var det største opposisjonspartiet. Dei armerte regjeringsfiendtlege opprørarane valde å ikkje stille med kandidatar og bad støttespelarane sine om å boikotte valet.

Presidenten er generalsekretær i partiet, og leiaren for Nasjonal progressiv front som er den styrande koalisjonen. Utanfor koalisjonen er det 14 ulovelege kurdiske politiske parti.[84]

På grunn av den pågåande borgarkrigen vart forskjellige alternative regjeringar danna, mellom anna den syriske interimregjeringa, Det demokratiske unionpartiet og lokale regionar styrte av sjarialov. Representantar frå den syriske interimregjeringa vart inviterte til å ta plassen til Styria i Den arabiske ligaen den 28. mars 2013[7] og vart respektert som den «den einaste representanten for det syriske folket» av fleire nasjonar, inkludert USA, Storbritannia og Frankrike.[85][86][87]

Menneskerettar endre

 
Skadde sivile ved eit sjukehus i Aleppo i oktober 2012

Sjølvstendige organisasjonar som Human Rights Watch har i lang tid vore uroa for situasjonen for menneskerettar i Syria. I 2010 omtalte Human Rights Watch situasjonen i Syria som «ein av dei verste i verda».[88] Freedom House rangerte Syria «Ikkje fritt» i den årlege Freedom in the World-undersøkinga.[89]

Styresmaktene er skulda for å arrestere demokratiske aktivitstar og menneskerettsaktivistar, sensur av nettstader, arrestasjon av bloggarar og pålegge reiseforbod. Tilfeldig arrestasjon, tortur og forsvinningar er utbreidd.[90] Sjølv om grunnlova til Syria garanterer likskap mellom kjønna, seier kritikarane at personalstatuttlover og straffelova diskriminerer kvinner. I tillegg er lova mild mot såkalla «æresdrap».[90] I november 2011, under opprøret mot president Bashar al-Assad, rapporterte SN at av dei over 3500 dødsfalla, var over 250 barn så unge som to år gamle, og at gutar så unge som 11 år hadde blitt gjengvoldtatt av politiet.[91][92]Folket mot styret til president Assad hevda at meir enn 200, hovudsakleg sivile, vart massakrerte og kring 300 skadde i Hama då statlege styrkar bombarderte området den 12. juli 2012.[93]

I august 2013 var regjeringa mistenkt for å ha nytta kjemiske våpen mot sivile. Den amerikanske utanriksministeren John Kerry sa det var «utan tvil» at kjemiske våpen var blitt nytta i landet og at styrkane til president Bashar al-Assad hadde drive «moralsk utukt» mott sitt eige folk. «Ta ikkje feil der,» sa Kerry. «President Obama meiner at dei som nyttar dei mest avskyelege våpena i verda mot det mest sårbare folket i verda, må stillast til ansvar. Ingenting i dag er meir alvorleg, og ingenting vert granska meir alvorleg.».[94]

Naudretten set ein effektiv stoppar for dei fleste lovfesta borgarvern, og var i bruk frå 1963 til 21. april 2011.[95] Bruken av retten vart rettferdiggjort av regjeringa i samband med den pågåande krigen med Israel over Golanhøgdene.

Forsvaret endre

 
Syriske soldatar går med ei sovjetisk vernemaske og eit kinesisk Type-56 automatgevær.

Presidenten av Syria er øvstkommanderande for det syriske militæret, som består av 400 000 soldatar når dei er mobilisert. Militæret er vernepliktig og menn må tene i militæret når dei vert 18.[96] Den obligatoriske militærtenestetida har minka med med tida. I 2005 vart tida minka frå 2,5 år til 2 år, i 2008 til 21 månader og i 2011 til 1,5 år.[97] Kring 20 000 syriske soldatar vart sett i stilling i Libanon fram til 27. april 2005, då dei siste syriske soldatane forlet landet etter tre tiår med okkupasjon.[96]

Sovjetunionen gav i lang tid trening, materiell og midlar til det syriske militæret, og då landet braut saman hadde ikkje Syria lenger den same tilgangen til moderne militærutstyr. Landet har eit arsenal av bakke-til-bakke-missil. Tidleg i 1990-åra fekk landet Scud-C-rakettar med ei rekkjevidd på 500 kilometer frå Nord-Korea, og Scud-D, med ei rekkjvidd på opp til 700 km, vert visstnok utvikla av Syria med hjelp frå Nord-Korea og Iran, i følgje Zisser.[98]

Syria fekk mykje økonomisk støtte frå statane kring Persiabukta etter å ha delteke i Golfkrigen, og ein god del av desse midlane var øyremerka for militæret.

Utanrikspolitikk endre

 
Diplomatiske oppdrag i Syria.

Hovudmåla med utanrikspolitikken til president Bashar al-Assad er å sikre nasjonal tryggleik, få aukande påverknad hos dei arabiske naboane og sikre seg attende Golanhøgdene. Mange gonger gjennom historia har Syria vore i bitter strid med sine geografiske, kulturelle naboar, som Tyrkia, Israel, Irak og Libanon. Syria betra tilhøvet til fleire av statane i regionen på 2000-talet, før den arabiske våren og den syriske borgarkrigen.

Etter at den pågåande borgarkrigen starta i 2011 med dei mange drapa og menneskrettsbrota, har Syria i aukande grad vorte isolert frå dei andre landa i regionen, og det større internasjonale samfunnet. Syria har hatt diplomatiske forhold med fleire land, som Storbritannia, Canada, Frankrike, Italia, Tyskland, Tunisia, Egypt, Libya, USA, Belgia, Spania, og Golf-statane.[99]

Frå Den arabiske ligaen har Syria halde diplomatiske forhold med Algerie, Egypt, Irak, Libanon, Sudan og Jemen. På grunn av valden mot dei sivile, har Syria blitt suspendert frå Den arabiske ligaen og Organisasjonen for islamsk samarbeid i 2012. Syria har framleis gode forhold med sine tradisjonelle allierte, Iran, Kina, Venezuela og Russland, som er av dei få landa som har støtta den syriske regjeringa i borgarkrigen.

Syria reknar provinsen Hatay i Tyrkia som ein del av sitt eige territorium.[100]

Israel annekterte Golanhøgdene i 1981, medan Syria held på kravet om å få attende dette territoriet.

Den syriske okkupasjonen av Libanon byrja i 1976 som følgje borgarkrigen der og enda i april 2006 etter indre og internasjonalt press etter drapet på den tidlegare libanesiske statsministeren Rafik Hariri.

Administrativ inndeling endre

For meir om dette emnet, sjå Guvernement i Syria og Distrikt i Syria.

Syria er delt inn i 14 guvernement, som igjen er delt inn i 61 distrikt. Distrikta er igjen delt inn i underdistrikt.

Nr. Guvernement Administrasjonsstad
 
Guvernement i Syria
1 Lattakia Lattakia
2 Idlib Idlib
3 Aleppo Aleppo
4 Al-Raqqah Al-Raqqah
5 Al-Hasakah Al-Hasakah
6 Tartus Tartus
7 Hama Hama
8 Deir ez-Zor Deir ez-Zor
9 Homs Homs
10 Damaskus
11 Rif Dimashq
12 Quneitra Quneitra
13 Daraa Daraa
14 Al-Suwayda Al-Suwayda

Internett og telekommunikasjon endre

Ansvaret for telekommunikasjon i Syria har departementet for kommunikasjon og teknologi.[101] I tillegg spelar Syrian Telecom ei viktig rolle i å distribuere statleg Internettilgang.[102] Den syriske elektroniske armeen tener som ein del av forsvaret i cyberspace og har lenge vorte rekna som ein fiende av hacktivistgruppa Anonymous.[103] På grunn av lover som sensurerer Internett, har 13 000 Internett-aktivistar blitt arrestert mellom mars 2011 og august 2012.[104]

Økonomi endre

 
Syrisk eksportmatrise.

Syria er klassifisert av Verdsbanken som eit land med «lågare gjennomsnittsintekt.»[105] Syria er avhengig av olje- og jordbrukssektorane.[106] Oljesektoren utgjer kring 40 % av eksportinntektene.[106] I tillegg har prøverboringar indikert at det finst store mengder olje i Middelhavet mellom Syria og Kypros.[107] Jordbrukssektoren medverkar med kring 20 % av BNP og 20 % av sysselsetjinga. Oljereservane er venta å minke dei komande åra og Syria importerer alt meir olje enn dei eksporterer.[106] Sidan borgarkrigen byrja har økonomien minka med 35 %, og det syriske pundet har falle til ein sjettedel av verdien før krigen.[108] Staten er i aukande grad avhengig av lån frå Iran, Russland og Kina.[108]

Økonomien er i stor grad regulert av staten, som har auka subsidiane og i aukande grad kontrollerer handel for å døyve protestane og verne valutareserven.[109] Langvarige økonomiske restriksjonar omfattar utanlandske handelshindringar, minkande oljeproduksjon, høg arbeidsløyse, stigande budsjettunderskot, og aukande press på vassforsyningar på grunn av bruk av store mengder vatn i jordbruket, rask folkevekst, industriutvikling og vassforureining.[109] UNDP annonserte i 2005 at 30 % av den syriske folkesetnaden lever i fattigdom og 11,4 % lever under eksistensminimum.[43]

Hovudeksportvarene til Syria er råolje, foredla produkt, uhandsama bomull, klede, frukt og korn. Dei viktigaste importvarene i Syria er råmateriale for industri, kjøretøy, jordbruksutstyr og tungt maskineri. Inntekter frå oljeeksportane og bidrag frå syriske arbeidarar er dei viktigaste kjeldene for staten til utanlandsk valuta.[43]

Syria sin del i den globale eksportmarknaden har gått gradvis nedover sidan 2001.[110] Veksten av BNP per innbyggjar var berre 2,5% per år i perioden 2000–2008.[110] Arbeidsløysa er høg med over 10 %. Fattigdomen har auka frå 11% i 2004 til 12,3% i 2007.[110]

Politisk ustabilitet utgjer ein trugsel mot framtidig økonomisk utvikling.[111] Utanlandske investeringar er avgrensa på grunn av vald, statlege restriksjonar, økonomiske sanksjonar og internasjonal isolering. Økonomien til Syria er òg hindra av statleg byråkrati, fallande oljeproduksjon, stigande budsjettunderskot og inflasjon.[111]

Før borgarkrigen i 2011 hadde staten håpa å tiltrekke seg nye investeringar i turisme, naturgass, og tenestesektorar for å utvide økonomien og redusere avhengigheita av olje og jordbruk. Staten byrja å innføre økonomiske reformer retta mot å liberalisere dei fleste marknadane, men desse reformene gjekk sakte og var ad hoc, og har blitt heilt sett attende etter borgarkrigen braut ut i 2011.[112]

I 2012 var verdien av den totale eksporten til Syria kutta med to tredjedelar, frå 12 milliardar USD i 2010 til berre 4 milliardar USD i 2012.[113] Syria sitt BNP har minka med over 3 % i 2011,[114] og var venta å minke ytterlegare med 20 % i 2012.[115]

I 2012 var olje- og turistindustrien i Syria særleg øydelagd og 5 mrd. US-dollar gjekk tapt i den pågåande borgarkrigen.[113] Oppbygging etter borgarkrigen vil koste så mykje som 10 mrd. USD.[113] Sanksjonar har tappa økonomien til staten. USA og EU har lagt ned forbod mot oljeimport, og då dette tredde i kraft i 2012, vart det estimert at dette kosta Syria kring 400 millionar USD i månaden.[116]

Inntektene frå turisme har falle dramatisk og hotellbelegget har falle frå 90 % før krigen til mindre enn 15 % i mai 2012.[117] Kring 40 % av alle tilsette i turistsektoren har mista jobbane sine etter krigen braut ut.[117]

Petroleumsindustri endre

 
Oljeraffineri i Homs.

Syria har produsert tungolje frå felta i nordaust sidan 1960-åra. TIdleg i 1980-åra vart det oppdaga lettare, svovelhaldig olje nær Deir ez-Zor aust i Syria. Oljeproduksjonen til Syria har falle dramatisk frå ein topp på nær 600 000 tønner per dag i 1995 til mindre enn 140 000 tønner per dag i 2012.[118]

Syria eksporterte kring 200 000 tønner per dag i 2005 og olje er framleis ei viktig eksportinntekt for landet. Syria produserer òg 22 millionar kubikkmeter gass per dag og har reservar som er estimert til 240 kubikkilometer. Staten har starta å arbeide med internasjonale energiselskap med håp om å verte ein gasseksportør, men all gassen som i dag vert produsert vert nytta innanlands.[43]

Før opprøret vart meir enn 90 % av den syriske olja eksportert til EU-land, medan resten gjekk til Tyrkia.[117] Olje- og gassinntektene utgjorde kring 20 % av totalt BNP og 25 % av dei totale inntektene til landet.[117]

 
Motorveg M5 nær Al-Rastan.

Samferdsle endre

Syria har tre internasjonale flyplassar (Damaskus, Aleppo og Lattakia), som er knutepunkt for Syrian Air og tener òg forskjellige utanlandske selskap.

Det meste av den syriske frakta går med Chemins de Fer Syriens (det syriske jernbaneselskapet), som har samband med Türkiye Cumhuriyeti Devlet Demiryolları (det tyrkiske statlege jernbaneselskapet). For å vere eit relativt underutvikla land, er jernbanesystemet i Syria god utvikla med mange ekspressruter og moderne tog.[119]

Vegnettverket i Syria er 69 873 km langt og omfattar 1 103 km med motorvegar. Landet har òg 900 km med farbare, men ikkje økonomisk viktige vassvegar.[120]

Demografi endre

Historisk folketal (i mill.)
År Innb.  ±% p.år  
1960 4 565—    
1970 6 305+3.28%
1981 9 046+3.34%
1994 13 782+3.29%
2004 17 921+2.66%
2011 21 124+2.38%
Kjelde: Folketal i Syria[121]

Dei fleste innbyggjarane lever i Eufratdalen og langs kystsletta, ei frodig stripe mellom kystfjella og ørkenen. Folketettleiken i Syria er kring 99 per km². I følgje World Refugee Survey 2008, publisert av den amerikanske komiteen for flyktningar og immigrantar hadde Syria ein folkesetnad av flyktningar og asylsøkjarar som talte kring 1,85 millionar personar. Dei fleste av desse kom frå Irak (1,3 mill.), og store folkesetnader frå det tidlegare Palestina (543 400) og Somalia (5200) lever òg i landet.[122]

Meir enn 7 millionar syrarar er blitt flytta på,[74] og meir enn 2,1 millionar syrarar har flykta frå landet og vorte flyktningar etter den syriske borgarkrigen braut ut i mars 2011.[123]

Etniske grupper endre

For meir om dette emnet, sjå syrarar.
 
Beduinbarn på landsbygda i Aleppo.
 
Tradisjonelle klede i Damaskus.

Syrarar er hovudsakleg eit lokalt levantisk folk, i nær slekt med sine næraste naboar, som libanesarane, palestinarar, israelittar, irakarar, maltesarar og jordanarar.[124][125] Syria har kring 22,5 millionar innbyggjarar. Syriske arabarar, og kring 400 000 palestinske arabarar frå SNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten, utgjer kring 77 % av folkesetnaden (om ein ser bort frå syriske kristne).[109] I tillegg lever kring 1,3 millionar irakiske flyktningar i Syria i 2007.[122]

Den nest største etniske gruppa i Syria er dei innfødde kristne syrisk-arameiske folka og assyrarar, som i lag utgjer kring 2,3 millionar eller like over 10 % av folkesetnaden, medan aramearar utgjer 7,5 % til 8 % og assyrarar 2 % til 2,5 %.[126] Den syrisk-arameiske gruppa lever over heile landet, særleg i dei store byane, medan assyrarane hovudsakleg bur i nord og nordaust (Homs, Aleppo, Qamishli, Hasakah). Mange (særleg den assyriske gruppa) har framleis akkadiskpåverka nyarameiske dialektar som munnleg eller skriftleg språk, medan ei lita gruppe syrisk-aramearar framleis talar vestarameisk.[127] Talet på desse har auka på grunn av dei mange assyriske flyktningane frå Irak som flykta frå religiøs og etnisk forfølging etter Irakkrigen, så folkesetnaden kan vere høgare enn det som er oppført her.[128]

Dei indoeuropeisk talande kurdarane utgjer kring 9 % av folkesetnaden, eller kring to millionar menneske.[129] Dei fleste kurdarane bur nordaust i Syria og dei fleste snakkar ein kurmanji-variant av kurdisk.

Dei fleste syriske tyrkarar bur i Aleppo, Damaskus og Latakia og kring 500 000–1 000 000, og utgjer mellom 2-4 % av folkesetnaden.[130]

Armenarar, eit indoeuropeiske kristent folk utgjer kring 100 000, eller kring 0,5 % av folkesetnaden. Dei fleste kom her under det armenske folkemordet. Syria har den 7. største armenske folkesetnaden i verda. Dei er hovudsakleg samla i Aleppo, Qamishli, Damaskus og Kesab.

 
Barn i Aleppo

Tjerkessarar, eit nordvestkaukasisktalande folk, utgjer kring 100 000.[131]

Jezidiar, ei etnisk gruppe med sin eigen religion, jezidisme, utgjer 10 000 personar som hovudsakleg lever i regionen Jabal Sinjar.

Grekarar utgjer kring 5000 menneske og bur hovudsakleg i Damaskus og Aleppo.

Mhallami er ei grein av den syrisk-arameiske folkesetnaden som konverterte til verdsleg islam, men som har halde den arameiske identiteten, utgjer kring 2000.

Mandearar, eit mandeisktalande folk, utgjer nokre få hundre, hovudsakleg flyktningar frå Irak.

Jødar, som det ein gong var mange av, er redusert til kring 200.

Den største konsentrasjonen av den syriske diasporaen utanfor den arabiske verda er i Brasil, der millionar av folk har arabiske aner eller aner frå andre stader i det nære austen.[132] Brasil var det først landet i Amerika som gav humanitære visum til syriske flyktningar..[133] Dei fleste arabiske argentinarar har bakgrunn frå anten Libanon eller Syria..[134]

Religion endre

 
Den store moskeen i Aleppo.

Sunni-arabarar utgjer kring 59–60 % av folkesetnaden. Dei fleste kurdarane (9 %) og tyrkarane (3 %) er sunni, medan 13 % er sjia (alawittar, tolvarsekta og ismailittar),[135] 10 % kristne[135] (dei fleste antiokiske ortodokse, resten gresk-katolske, den assyriske austlege kyrkja, armenske ortodokse, protestantar og andre trusretningar), og 3 % drusar.[135] Drusar utgjer kring 500 000 og lever hovudsakleg i det sørlege området Jabal al-Druze.[136]

Familien til president Bashar al-Assad er alawittar og alawittar dominerer regjeringa i Syria og dei viktigaste stillingane i militæret.[137]

Kristne (2,5 millionar) utgjer ein stor del av dei palestinske flyktningane i Syria og er delt inn i fleire grupper. Kaledonske antiokisk-ortodokse utgjer 35,7 % av den kristne folkesetnaden; katolikkar (melkittisk, armensk-katolske, syrisk-katolsk, maronittisk, kaldeisk-katolsk og latin) utgjer 26,2 %; Den armenske apostoliske kyrkja 10,9 %, syrisk-ortodokse utgjer 22,4 %; den assyriske kyrkja og fleire mindre kristne trusretningar utgjer resten. Mange kristne kloster finst òg. Mange kristne syrarar høyrer til den øvre samfunnsklassen.[138]

Språk endre

Arabisk er det offisielle språket. Fleire moderne arabiske dialektar vert nytta i kvardagen, hovudsakleg levantinsk i vesten og mesopotamisk i nordaust. Kurdisk (i kurmanji-form) vert mykje nytta i kurdiske regionar i Syria. Armensk og tyrkisk (søraserbajsjansk dialekt) vert snakka blant armenske og tyrkiske minoritetar.

Arameisk var lingua franca i regionen før arabisk, og vert framleis tala av assyrarar, og gammalsyrisk vert framleis nytta som liturgisk språk i forskjellige syriske kristne trusretningar. Nyvestarameisk vert framleis talt i landsbyen Ma`loula og to nabolandsbyar kring 50 km nordaust for Damaskus.

Mange utdanna syrarar snakkar òg engelsk og fransk.

Største byar endre

Kultur endre

Syria er eit tradisjonelt samfunn med ei lang kulturhistorie.[139] Familie, religion, utdanning, sjølvdisiplin og respekt er viktig. Syrarar har smak for tradisjonell kultur, uttrykt i dansar som al-samah, dabkeh i alle sine variasjonar og sverddansen. Folketradisjonane kjem tydeleg fram under bryllaupsseremoniar og barnefødslar.[140]

Litteratur endre

 
Kunstgalleri i Damaskus.

Syrisk litteratur har medverka til arabisk litteratur og har ein stolt tradisjon innan munnleg og skriftleg poesi. Syriske forfattarar, der mange av dei emigrerte til Egypt, spelte ei viktig rolle i nahdaen eller den arabiske littereære og kulturelle gjenopplivinga på 1800-talet. Viktige syriske forfattarar i nyare tid er mellom andre Adonis, Muhammad Maghout, Haidar Haidar, Ghada al-Samman, Nizar Qabbani og Zakariyya Tamer.

Ba'ath-partistyret har sidan kuppet i 1966 drive med sensur. I denne samanengen vert sjangeren historiske romanar, med Nabil Sulayman, Fawwaz Haddad, Khyri al-Dhahabi og Nihad Siris i spissen, stundom nytta til å uttrykke misnøye, kritisere notida gjennom skildringar av fortida. Syriske folkeminne, som ein undersjanger av historisk fiksjon, er full av magisk realisme, og vert òg nytta til skjult kritikk av notida. Salim Barakat, ein syrisk emigrant i Sverige, er ein av dei leiande forfattarane innan sjangeren. Moderne syrisk litteratur omfattar òg science fiction og futuristiske utopiar (Nuhad Sharif, Talib Umran), som òg fungerer som eit talerøyr for misnøye.

Populærkultur endre

Det syriske musikkmiljøet, særleg det i Damaskus, har lenge vore av dei viktigaste i den den arabiske verda, særleg innan klassisk arabisk musikk. Syria har produsert fleire stjerner for den arabiske verda, som Asmahan, Farid al-Atrash og songaren Lena Chamamyan. Aleppo er kjend for sin muwashshah, ei form for andalusisk songdikting som vart popularisert av Sabri Moudallal, i tillegg til popstjerner som Sabah Fakhri.

Fjernsyn vart først innført i Syria i 1960, då Syria og Egypt (som starta fjernsynssendingar same året) vart ein del av Den sameinte arabiske republikken. Fjernsynssendingane gjekk i svartkvitt fram til 1976. Syrisk såpeopera har ein forholdsvis stor marknadsdel i den austlege arabiske verda.[141]

Nesten alt av syrisk media er statseigd, og Ba'ath-partiet kontrollerer nesten alle aviser.[142] Styresmaktene driv fleire etterretningsbyrå,[143] mellom anna Shu'bat al-Mukhabarat al-'Askariyya, som nyttar mange operatørar.[144]

Idrett endre

Dei mest populære idrettsgreinene i Syria er fotball, basketball, symjing og tennis. Damaskus var vertsby for den femte og sjuande pan-arabiske leikane. Mange fotballag held til i Damaskus, Aleppo, Homs og Latakia.

Abbasiyyin stadion i Damaskus er heimebanen til det syriske landslaget i fotball. Laget har hatt noko suksess og har kvalifisert seg fire gonger for Asiamesterskapen i fotball. Laget spelte den første landskapen sin den 20. november 1949 då dei tapte mot Tyrkia 7–0. Laget var rangert på 137. plass på FIFA-rankinga i mars 2014.

Mat endre

For meir om dette emnet, sjå syrisk mat.
 
Fattoush er eit døme på syrisk mat.

Syrisk mat består hovudsakleg av rettar typisk for det sørlege Middelhavet, gresk mat og sørvestasiatisk mat. Somme syriske rettar har òg utvikla seg frå tyrkisk og fransk kjøken, som sjisjkebab, fylte auberginar og yabra (fylte drueblad).

Hovudrettane som utgjer syrisk mat er kibbeh, hummus, tabbouleh, fattoush, labneh, shawarma, mujaddara, shanklish, pastırma, sujuk og baklava. Baklava er laga av filodeig fylt med hakka nøter og dyppa i honning. Syrarar serverer ofte ei rekkje smårettar, kalla meze, før hovudretten. Za'atar, kjøtdeig, og oste-manakish er populære forrettar. Det arabiske flatbrødet khubz vert alltid eten i lag med meze.

Drykker i Syria varier avhengig av tid på dagen og kva høve det skal drikkast til. Arabisk kaffi, eller tyrkisk kaffi, er den mest kjende varme drykken, vanlegvis til frokost eller kvelds. Kaffi vert vanlegvis servert for gjester eller etter maten. Arak er ein alkoholhaldig drykk som houvdsakleg vert servert ved spesielle høve. Andre syriske drykkar er ayran, jallab, kvit kaffi og eit lokalt produsert øl kalla Al Shark.

Utdanning endre

 
Damaskus universitet

Utdanning er gratis og obligatorisk i alderen 6 til 12 år. Skulen består av seks år med grunnskuleutdanning, etterfølgt av ein 3-årig studieførebuande eller yrkesfagleg opplæringsperiode og eit treårig akademisk eller yrkesfagleg program. Den andre treårige periode med akademisk opplæring er naudsynt for å takast opp ved universiteta. Samla opptak ved vidaregåande skular er over 150 000. Lesekunna i Syria for personar frå 15 år og oppover er 90,7 % for menn og 82,2 % for kvinner.[145][146]

Sidan 1967 har alle skular, høgskular og universitet vore underlagt tett statleg styring av Ba'ath-partiet.[147]

Det er seks statlege universitet i Syria[148] og 15 private.[149] Dei to øvste statlege universiteta er Universitetet i Damaskus (180 000 studentar)[150] og Universitetet i Aleppo. Dei øvste private universiteta i Syria er Det syriske private universitetet, Det arabiske internasjonale universitet, Universitetet i Kalamoon og Det internasjonale universitetet for vitskap og teknologi. Det er òg mange høgskular i Syria.[151]

I følgje Webometrics Ranking of World Universities er det høgast rangerte universitetet i landet Damaskus universitet (3540. plass i verda), Universiteet i Aleppo (7176. plass) og Tishreen universitet (7968.).[152]

Helse endre

I 2010 utgjorde helsevesenet 3,41 % av landet sitt BNP. I 2008 var det 14,92 legar og 18,50 sykepleiarar per 10 000 innbyggjarar.[153] Forventa levealder var 75,70 år i 2010, eller 74,19 år for menn og 77,30 år for kvinner.[154]

Kjelder endre

Generelle referansar
  1. «Neolithic Tell Ramad in the Damaskus Basin of Syria». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 11. november 2006. Henta 19. mars 2014. 
  2. «Freedom on the world report». Freedomhouse.org. Henta 19. mars 2014. 
  3. 3,0 3,1 Michael Bröning (7. mars 2011). «The Sturdy House That Assad Built». The Foreign Affairs. 
  4. MacFarquhar, Neil (19. mars 2014). «Arabic League Votes to Suspend Syria». The New York Times. Henta 19. mars 2014. 
  5. «Regional group votes to suspend Syria; rebels claim downing of jet». CNN. 19. mars 2014. Henta 19. mars 2014. 
  6. «Syria suspends its membership in Mediterranean union». Xinhua. 1 December 2012. 
  7. 7,0 7,1 Black, Ian (26 March 2013). «Syrian opposition takes Arabic League seat». The Guardian. 
  8. Herodotos, Historiar, VII.63, s:History of Herodotos/Book 7.
  9. Joseph, John (2008). «Assyria and Syria: Synonyms?» (PDF). 
  10. Først foreslått av Theodor Nöldeke i 1881; jfr. Harper, Douglas (November 2001). «Syria». Online Etymology Dictionary. Henta 19. mars 2014. 
  11. Pipes, Daniel (1992). Greater Syria: The History of an Ambition. Middle East Forum. s. 13. ISBN 0-19-506022-9. Henta 19. mars 2014. 
  12. Pliny (77). «Book 5 Section 66». Natural History. University of Chicago. ISBN 84-249-1901-7. 
  13. «Syria :: Roman provincial organization». Britannica Online Encyclopedia. Britannica.com. Henta 19. mars 2014. 
  14. Pettinato, Giovanni. The Archives of Ebla; Gelb, I. J. "Thoughts about Ibla: A Preliminary Evaluation" in Monographic Journals of the Det nære austen, Syro-Mesopotamian Studies 1/1 (May 1977) s. 3-30.
  15. Victor Harold Matthews,Don C. Benjamin. Old Testament Parallels: Laws and Stories from the Ancient Det nære austen. s. 241. 
  16. 16,0 16,1 «Syria: A country Study – Ancient Syria». Library of Congress. Data as of April 1987. Henta 19. mars 2014. 
  17. Amer Hanna-Fatuhi. The Untold Story of Native Irakis. s. 160. 
  18. «The Aramaic Language and Its Classification» (PDF). Journal of Assyrian Academic Studies 14 (1). Arkivert frå originalen (PDF) 9. september 2008. Henta 19. mars 2014. 
  19. John F. Healey. The Early Alphabet. s. 22. 
  20. Stephanie Dalley. Mari and Karana: Two Old Babylonian Cities. s. 44. 
  21. Stephanie Dalley. Mari and Karana: Two Old Babylonian Cities. s. 44. 
  22. Nadav Naʼaman. Canaan in the Second Millennium B.C.E. s. 285. 
  23. Iorwerth Eiddon Stephen Edwards. The Cambridge Ancient History. s. 32. 
  24. William J. Hamblin. Warfare in the Ancient Det nære austen to 1600 BC. s. 259. 
  25. Jack M. Sasson. The Military Establishments at Mari. s. 2+3. 
  26. Relations between God and Man in the Hurro-Hittite Song of Release, Mary R. Bachvarova, Journal of the American Oriental Society, Jan–Mar SAAD 2005
  27. Georges Roux, Ancient Irak, 3rd ed., Penguin Books, London, 1991, p.381
  28. Douglas Frayne. Ugarit in Retrospect. s. 23,24,25. 
  29. John Lange. The Philosophy of Historiography. s. 475. 
  30. Immanuel Velikovsky. Ramses II and His Time. s. 23. 
  31. Rollinger, Robert (2006). «The terms «Assyria» and «Syria» again» (PDF). Journal of Near Eastern Studies 65 (4): 284–287. doi:10.1086/511103.
  32. Hist.» xviii., vii. 1
  33. 33,0 33,1 Cavendish Corporation, Marshall (2006). World and Its Peoples. Marshall Cavendish. s. 183. ISBN 0-7614-7571-0. 
  34. «Syria: History». Encyclopædia Britannica. Henta 19. mars 2014. 
  35. Timeframe s. 59–75.
  36. «Battle of Aleppo». Everything2.com. 22. februar 2003. Henta 19. mars 2014. 
  37. «The Eastern Mediterranean, 1400–1600 A.D». Metmuseum.org. Arkivert frå originalen 28. april 2009. Henta 19. mars 2014. 
  38. 38,0 38,1 «Syria – Ottomanian». Library of Congress Country Studies. Henta 19. mars 2014. 
  39. a b Stanford J. Shaw, «Dynamics of Ottomanian Society and administration", in «History of the Ottoman Empire and Modern Turkey"
  40. Pouring a People into the Desert: The «Definitive Solution» of the Unionists to the Armenian Question, Fuat Dundar, A Question of Genocide, ed. Ronald Grigor Suny, Fatma Muge Gocek and Norman M. Naimark, (Oxford University Press, 2011), 280-281.
  41. «Mandat Syrie-Liban» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2008. Henta 19. mars 2014. 
  42. Peter N. Stearns, William Leonard Langer (2001). «The Middle East, p. 761». The Encyclopedia of World History. Houghton Mifflin Books. ISBN 978-0-395-65237-4. 
  43. 43,0 43,1 43,2 43,3 43,4 43,5 43,6 43,7 «Background Note: Syria». United States Department of State, Bureau of Near Eastern Affairs, May 2007. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 44,4 44,5 44,6 44,7 44,8 «Syria: World War II and independence». Britannica Online Encyclopedia. 
  45. Robson, John (10. februar 2012). «Syria hasn't changed, but the world has». Toronto Sun. Henta 19. mars 2014. 
  46. Brecher, Michael; Jonathan Wilkenfeld (1997). A Study of Crisis. University of Michigan Press. s. 345–346. ISBN 0-472-10806-9. 
  47. «Salah Jadid, 63, Leader of Syria Deposed and Imprisoned by Assad». New York Times. August 24, 1993. 
  48. Mark A. Tessler (1994). A History of the Israeli-Palestinian conflict. Indiana University Press. s. 382. ISBN 978-0-253-20873-6. Henta 29. desember 2010. 
  49. «A Campaign for the Books». Time Magazine. 1. september 1967. Arkivert frå originalen 15. oktober 2010. Henta 20. mars 2014. 
  50. Line Khatib (23. mai 2012). islamsk Revivalism in Syria: The Rise and Fall of Ba'thist Secularism. Routledge. s. 34–. ISBN 978-0-415-78203-6. Henta 20. mars 2014. 
  51. «Jordan asked Nixon to attack Syria, declassified papers show – CNN.com». Edition.cnn.com. 28. november 2007. Henta 19. mars 2014. 
  52. Seale, Patrick (1988). Asad: The Struggle for the Middle East. University of California Press. ISBN 0-520-06976-5. 
  53. Rabinovich, Abraham (2005). The Yom Kippur War: The Epic Encounter That Transformed the Middle East. New York City: Schocken Books. s. 302. ISBN 0-8052-4176-0. 
  54. Itzchak Weismann. «Sufism and Sufi Brotherhoods in Syria and Palestine». University of Oklahoma. Henta 20. mars 2014. 
  55. Marc Perelman (11. juli 2003). «Syria Makes Overture Over Negotiations – Forward.com». Forward.com. Henta 19. mars 2014. 
  56. George, Alan (2003). Syria: neither bread nor freedom. London: Zed Books. s. 56–58. ISBN 1-84277-213-9. 
  57. Ghadry, Farid N. (Winter 2005). «Syrian Reform: What Lies Beneath». The Middle East Quarterly. 
  58. «Profile: Syria's Bashar al-Assad», BBC News, Last Updated:, henta 19. mars 2014 
  59. Huggler, Justin (6. oktober 2003), Israel launches strikes on Syria in retaliation for bomb attack, London: The Independent, arkivert frå originalen 15. mai 2011, henta 20. mars 2014 
  60. «Naharnet Newsdesk – Syria Curbs Kurdish Riots for a Merger with Iraq's Kurdistan». Naharnet.com. Henta 19. mars 2014. 
  61. Guerin, Orla (6 mars 2005), «Syria sidesteps Libanon demands», BBC News, henta 20. mars 2014 
  62. Sanger, David (14. oktober 2007), Israel Struck Syrian Nuclear Project, Analysts Say, The New York Times, henta 20. mars 2014 
  63. «Syrian army tanks 'moving towards Hama'», BBC News, 5 May 2011, henta 20. mars 2014 
  64. Sengupta, Kim (20. februar 2012), «Syria's sectarian war goes international as foreign fighters and arms pour into country», The Independent (Antakya), henta 20. mars 2014 
  65. «Syria deaths near 100 000, says UN – and 6,000 are children». The Guardian. 13. juni 2013. 
  66. Carsten, Paul (15. mars 2012). «Syria: Bodies of 23 'extreme torture' victims found in Idlib as thousands rally for Assad». Telegraph.co.uk. Henta 19. mars 2014. 
  67. «Arabic League delegates head to Syria over 'bloodbath'. Usatoday.com (2011-12-22). Henta 20. mars 2014». Usatoday.com. 22. desember 2011. Henta 19. mars 2014. 
  68. Syria conflict: Children 'targeted by snipers', BBC News, 24. november 2013 
  69. «United Nations High Commissioner for Refugees (UNHCR)». UNHCR Global Trends 2015. United Nations. Henta 15 September 2016. 
  70. Location Settings (12. mars 2012). «Syria: Refugees brace for more bloodshed». News24.com. Henta 19. mars 2014. 
  71. Lara Jakes And Yahya Barzanji (14. mars 2012). «Syrian Kurds get cold reception from Iraqi Kurds». Yahoo! News. Henta 20. mars 2014. 
  72. «Syria crisis: number of refugees tops 1.5 million, says UN». The Guardian. 16. mai 2013. 
  73. Syria Regional Refugee Response – Demographic Data of Registered Population Arkivert 2018-02-19 ved Wayback Machine.. UNHCR.
  74. 74,0 74,1 «Beleaguered Syrian Christians Fear Future». NPR. 28. oktober 2013. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 20. mars 2014. 
  75. The death of a country, The Economist, 23. februar 2013, henta 20. mars 2014 
  76. National Council of Geography Teachers (U.S.) (1928). The Journal of Geography. The Journal of geography. s. 167. 
  77. F. A. Schaeffer, Claude (2003). Syria and the Cradle of Civilization: The Findings of Claude F a Schaeffer in Ras Shamra. Trubner & Company. ISBN 1-84453-129-5. 
  78. «Constitution of Syria. Articles 83–118». Scribd.com. 15. februar 2012. Henta 20. mars 2014. 
  79. «Constitution of Syria. Article 75(1)2)(4)». Scribd.com. 15. februar 2012. Henta 20. mars 2014. 
  80. «Constitution of Syria. Article 77(2)». Scribd.com. 15. februar 2012. Henta 20. mars 2014. 
  81. «Constitution of Syria». Henta 22. oktober 2008. 
  82. 82,0 82,1 «Syria (05/07)». State.gov. Henta 19. mars 2014. 
  83. «Syria: Elections without Politics». Carnegie Endowment. 
  84. «Syria clamps down on Kurd parties». BBC News. 3 June 2004. Henta 22. oktober 2008. 
  85. «Syria conflict: UK recognises opposition, says William Hague». Bbc.co.uk. 20. november 2012. Henta 20. mars 2014. 
  86. Hugh Schofield (13. november 2012). «Syria: France backs anti-Assad coalition». Bbc.co.uk. Henta 20. mars 2014. 
  87. Madhani, Aamer (December 12, 2012). «Obama says U.S. will recognize Syrian opposition». USA Today. 
  88. «Syria among worst for rights abuses: HRW report». Reuters. 24. januar 2011. Arkivert frå originalen 2. september 2015. Henta 21. mars 2014. 
  89. «Freedom in the World Report: Syria». januar 2011. Arkivert frå originalen 23. desember 2011. Henta 21. mars 2014. 
  90. 90,0 90,1 «Syria: Events of 2008». Human Rights Watch. 
  91. Joe Lauria (20. mars 2014). «More than 250 children among dead, U.N. says». The Wall Street Journal. Henta 20. mars 2014. 
  92. «UN report: Syrian forces commit 'gross violations' of human rights, CNN». 20. mars 2014. 
  93. «200 massacred in Hama, claim Syrian activists». 13. juli 2012. 
  94. «Iran warns west against military intervention i Syria». The Guardian. Henta 20. mars 2014. 
  95. «Decrees on Ending State of Emergency, Abolishing SSSC, Regulating Right to Peaceful Demonstration». Syrian Arab News Agency. 22. april 2011. Arkivert frå originalen 28. mars 2012. Henta 22. mars 2014. 
  96. 96,0 96,1 John Pike. «Syria – Overview». Globalsecurity.org. Henta 20. mars 2014. 
  97. «Syria reduces compulsory military service by three months». Kinadaily.com.cn. 20. mars 2011. Arkivert frå originalen 3. mai 2011. Henta 19. mars 2014. 
  98. «Syria's embrace of WMD"[daud lenkje] av Eyal Zisser, Globe and Mail, 28. september 2004.
  99. Strenger, Carlo (8. februar 2012). «Assad takes a page out of Russia's book in his war against rebels». Haaretz.com. Henta 21. mars 2014. 
  100. Morris, Chris (2005). «Chapter 9: Crossroads». The New Turkey. London: Granta Books. s. 203–227. ISBN 1-86207-865-3. 
  101. «وزارة الاتصالات والتقانة». Moct.gov.sy. Arkivert frå originalen 20. august 2013. Henta 20. mars 2014. 
  102. «AT&T – 4G LTE, Cell Phones, U-verse, TV, Internet & Phone Service». Ste.gov.sy. Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 20. mars 2014. 
  103. Katerji, Oz (4. april 2013). «The Syrian Electronic Army Are at Cyber War with Anonymous». Vice.com. Henta 20. mars 2014. 
  104. «Internet Anonymity i Syria, Challenges and Solution». Link.springer.com. Henta 20. mars 2014. 
  105. «Country and Lending Groups». Data.worldbank.org. Henta 26. juli 2012. 
  106. 106,0 106,1 106,2 «Syria Country Brief, September 2010» (PDF). World Bank. 
  107. Transactions of the American Institute of Mining and Metallurgical Engineers 
  108. 108,0 108,1 «Syria Weighs Its Tactics as Pillars of Its Economy Continue to Crumble», NYTimes.com, 21. mars 2014, henta 21. mars 2014 
  109. 109,0 109,1 109,2 «Syria». The World Factbook. 2007. Arkivert frå originalen 29. desember 2017. Henta 21. mars 2014. 
  110. 110,0 110,1 110,2 «Economic Challenges and Reform Options for Syria: A Growth Diagnostics Report» (PDF). World Bank. 21. februar 2011. s. 10. 
  111. 111,0 111,1 «Syria». Index of Economic Freedom. 
  112. «Syria reverts to socialist economic policies to ease tension». Reuters. 4 July 2012. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 21. mars 2014. 
  113. 113,0 113,1 113,2 «Syria's battling economy may hold on with help from friends». AFP. Arkivert frå originalen 17. august 2012. Henta 21. mars 2014. 
  114. «Syria’s ailing economy hits citizens and regime». Financial Times. 6.februar 2012. Henta 21. mars 2014. 
  115. «Syrian Economy To Shrink By 20 Percent In 2012 As Country Struggles With War». Huffington Post. 12/10/2012. 
  116. «Syrians struggle with shortages as economy buckles», Associated Press, Jan 22, 2013, arkivert frå originalen 22. mars 2014, henta 21. mars 2014 
  117. 117,0 117,1 117,2 117,3 «The Syrian Economy: Hanging by a Thread». Carnegie Endowment for International Peace. 20. juni 2012. 
  118. «Syria says preparing to finalize oil deal with Russia». Reuters. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 21. mars 2014. 
  119. «How to travel by train from London to Syria | Train travel in Syria». Seat61.com. Henta 19. mars 2014. 
  120. «CIA factbook». Arkivert frå originalen 29. desember 2017. Henta 21. mars 2014. 
  121. «Population Existed I Syria According To Censuses (1960, 1970, 1981, 1994, 2004) And Estimates Of Their Number In Mid Years 2005-2011(000)». Central Bureau Of Statistics. 
  122. 122,0 122,1 «World Refugee Survey 2008». U.S. Committee for Refugees and Immigrants. 19. juni 2008. Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 22. mars 2014. 
  123. «Demographic Data of Registered Population». UNHCR. Arkivert frå originalen 19. februar 2018. Henta 28. oktober 2013. 
  124. Richards, M; Rengo, C; Cruciani, F; Gratrix, F; Wilson, JF; Scozzari, R; MacAulay, V; Torroni, A (2003). «Extensive Female-Mediated Gene Flow from Sub-Saharan Africa into Near Eastern Arab Populations». American Journal of Human Genetics (PMC – NCBI) 72 (4): 1058–1064. PMC 1180338. PMID 12629598. doi:10.1086/374384. 
  125. «In the Wake of the Phoenicians: DNA study reveals a Phoenician-Maltese link». National Geographic Magazine. October 2004. Henta 20. mars 2014. 
  126. «Syria - International Religious Freedom Report 2006". U.S. Department of State. 2006. Henta 2009-06-28
  127. «Turkey-Syria deal allows Syriacs to cross border for religious holidays». Todayszaman.com. 26. april 2008. Henta 19. mars 2014. 
  128. «Iraqi Christians refugees pine for home, but fear they face death». ENInews. 7. mai 2008. Arkivert frå originalen 9. januar 2009. Henta 20. mars 2014. 
  129. «Syria – Kurds». Library of Congress Country Studies. 
  130. «Suriye Türkmenleri». Review of International Law and Politics. 2007. s. 112. Henta 12. august 2012. 
  131. «A Country Study: Syria». Library of Congress. Henta 20. mars 2014. 
  132. «The Arabs of Brazil». Saudi Aramco World. September/October 2005. Henta 20. mars 2014. 
  133. http://www.unhcr.org/524555689.html UN refugee agency welcomes Brazil announcement of humanitarian visas for Syrians
  134. «Inmigracion sirio-libanesa en Argentina» (på spansk). Confederación de Entidades Argentino Árabes. Arkivert frå originalen 20. juni 2010. Henta 20. mars 2014. 
  135. 135,0 135,1 135,2 «Syria – International Religious Freedom Report 2006». U.S. Department of State. 2006. Henta 28. juni 2009. 
  136. Danna, Nissim (December 2003). The Druze in the Middle East: Their Faith, Leadership, Identity and Status. Brighton: Sussex Academic Press. s. 227. ISBN 978-1-903900-36-9. 
  137. The Alawi capture of power in Syria, Middle Eastern Studies, 1989
  138. Tomader Fateh (25. oktober 2008). «Patriarch of Antiokia: I will be judged if I do not carry the Church and each one of you in my heart». Forward Magazine. Arkivert frå originalen 2. mars 2010. Henta 20. mars 2014. 
  139. Hopwood, Derek (1988). Syria 1945–1986: Politics and Society. Routledge. ISBN 0-04-445039-7. 
  140. Salamandra, Christa (2004). A New Old Damaskus: Authenticity and Distinction in Urban Syria. Indiana University Press. s. 103. ISBN 0-253-21722-9. 
  141. Salti, Rasha (2006). Insights Into Syrian Cinema: Essays and Conversations with Contemporary Filmmakers. ArteEast. ISBN 1-892494-70-1. 
  142. «Freedom House report on Syria (2010)» (PDF). Freedom House. Arkivert frå originalen (PDF) 27. desember 2010. 
  143. Wright, Robin (2008). Dreams and shadows, the Future of the Middle East. Penguin Press. s. 214. «more than one dozen intelligence agencies» 
  144. Wright, Robin (2008). Dreams and shadows, the Future of the Middle East. Penguin Press. s. 230. «hundreds of thousands of mukhabarat according to dissident Riad Seif» 
  145. «U.S. Relations With Syria». State.gov. 24. oktober 2012. Henta 19. mars 2014. 
  146. «Syria's Education System – Report – June 2001» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 11. mai 2011. Henta 19. mars 2014. 
  147. «Syria – Education». Countrystudies.us. Henta 19. mars 2014. 
  148. Ministry of Higher Education (23. november 2011). «Public universities». Ministry of Higher Education. Arkivert frå originalen 5. august 2012. Henta 22. mars 2014. 
  149. «Private universities». Ministry of Higher Education. 23. november 2011. Arkivert frå originalen 13. november 2012. Henta 22. mars 2014. 
  150. «Forward Magazine, Interview with President of Damaskus University». February 2008. Arkivert frå originalen 18. juni 2008. 
  151. «Getting education right». mars 2008. Arkivert frå originalen 3. oktober 2010. 
  152. %20Arab %20Republic «Syrian Arab Republic» Check |url= value (hjelp). Ranking Web of Universities. Henta 26. februar 2013. 
  153. «Health». SESRIC. Henta 5. mars 2013. 
  154. «Demography». SESRIC. Henta 22. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Syria
  Reiseguide for Syria frå Wikivoyage