Danica Patrick
Danica Patrick (fødd 25. mars 1982) er ein amerikansk motorsportutøvar som køyrer i den amerikanske IndyCar-serien.
Danica Patrick | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 25. mars 1982 (42 år) Beloit |
Yrke | racerbilfører, modell, podkastvert |
Språk | angloamerikansk |
Høgd | 1,57 meter |
Ektefelle | Paul Edward Hospenthal |
Partnar | Ricky Stenhouse, Jr., Aaron Rodgers |
Nettstad | http://www.danicapatrick.com/ |
Danica Patrick på Commons |
Danica Patrick er fødd i Beloit og voks opp i Roscoe i Illinois.[1] Ho er av norsk avstamming på morssida.[2]
Patrick fekk utmerkinga Rookie of the Year i både 2005 Indianapolis 500- og 2005 IndyCar Series-sesongen. Med sigeren sin i Indy Japan 300 i 2008 vart Patrick den første kvinna som hadde vunne eit løp i IndyCar-serien.
I mai 2006 gav ho ut ein sjølvbiografi, Danica: Crossing the Line.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Danica Patrick» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wetzel, Dan. «Danica Patrick leaves her family beaming with pride after history-making Daytona 500». Yahoo! Sports. Henta February 25, 2013.
- ↑ «Danica Patrick ancestry». Freepages.genealogy.rootsweb.ancestry.com. Henta August 3, 2012.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Danica Patrick
- Danica Patrick sin offisielle nettstad
- Biografi på Team Honda IRL-nettside
- Karrierestatistikk
- Danica Patrick sin weblog på GoDaddy.com